Nav økonomiteneste Hovedbilde

Rådgjevar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Har du interesse for økonomi, og trivast med varierte arbeidsoppgåver i eit aktivt miljø? Nav økonomiteneste Sogndal Fulltid
Nav økonomiteneste Logo

Nav økonomiteneste

Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Henry Talle / Torill Skårhaug
90 68 98 75 / 91 52 12 63

Søknadsfrist

15. mars 2026 Søk på stillinga her

Vi i Nav økonomiteneste søker etter engasjerte og kunnskapsrike medarbeidarar, som ønskjer å bli ein viktig del av Nav sin økonomifunksjon.
Hjå oss får du spennande og varierte oppgåver i eit sterkt økonomifagleg miljø!

Nav økonomiteneste (ØT) leverer landsdekkande økonomitenester for Nav, med ansvar for rekneskap, lønn, reise, oppfølging sjuke- og foreldrepengar, bestilling og faktura, utbetalingar og intern brukarstøtte. Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle økonomiområdet, og tilby effektive tenester som støttar det viktige samfunnsoppdraget til Nav. Vi er inne i ein spennande fase med utvikling på fleire områder, og skal samstundes ta i bruk periodisert rekneskap (statleg regnskapsstandard) frå 1.1.2027.

Vi skal no rekruttere inntil fire faste stillingar på ulike seksjonar. Er du klar for å ta neste steg?
Søk no og bli med på å forme framtidas økonomitenester i Nav!

Arbeidsoppgaver

  • Saksbehandling og rådgiving på dei ulike fagområda
  • Avstemmingar, periode- og årsavslutning
  • Analyse og rapportering
  • Finne smarte løysingar på utfordringar innan både system og prosess som bidreg til å effektivisere måten vi jobbar på

Du får god opplæring og ein fadder som hjelper deg i gang. Oppgåvene kan endre seg etter våre behov og dine interesser.

Kvalifikasjoner

  • Høgare økonomisk utdanning på minimum bachelornivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • God rekneskaps- og økonomiforståing
  • Interesse for teknologi og system
  • Gode evner til skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk

I tillegg er det ynskjeleg at du har:

  • Kjennskap til statleg regelverk på økonomiområdet, og gjerne kjennskap til periodisert rekneskap (statleg rekneskapsstandard)
  • Erfaring frå, eller kunnskap om offentleg forvaltning
  • Erfaring frå prosjekt eller teamarbeid

Motivasjon for stillinga og personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Du er velkomen til å søke både som nyutdanna eller om du har arbeidserfaring.

Personlige egenskaper

  • Du er engasjert, løysningsorientert og har høg gjennomføringsevne
  • Du er strukturert og vektlegg kvalitet
  • Du er nysgjerrig og likar å halde deg fagleg oppdatert
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med spennande oppgåver.
  • Gode personlege og karrieremessige utviklingsmoglegheiter.
  • Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar.
  • Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og trening i arbeidstida.
  • Lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn kr 622 000 – 700 000 brutto per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.
  • Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka

Kontoret vårt ligg i Sognal kommune som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at du etter eitt år som yrkesaktiv kan få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.

Kven er vi?
Nav økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle Nav sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 716 mrd. kroner i årlege ytingar og rettleiing for Nav sine 22 000 tilsette. Nav økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i Nav.

Vi er 100 tilsette fordelt på sju seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Henry Talle
  • Stillingstittel: Seksjonssjef Bestilling og faktura
  • Mobil: 90 68 98 75

Send melding

  • Kontaktperson: Torill Skårhaug
  • Stillingstittel: Seksjonssjef Rekneskap
  • Mobil: 91 52 12 63

Send melding

Nav økonomiteneste Kulturbilde