Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Fjaler kommune | Fjaler | Fulltid |
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som fysioterapeut. Fysio- og ergoterapitenesta held til i lokale ved Fjaler Helsetun. Tenesta har 5 heile stillingsressursar fordelt på ein ergoterapeut og 4 fysioterapeutar inkludert turnuskandidat. I denne stillinga får du delta i eit samfunnsnyttig og ansvarsfullt arbeid med trygge støttespelarar. Vi har eit kjekt og fagleg utviklande arbeidsmiljø med høg grad av autonomi der både menn og kvinner har likt seg godt.
Stillinga har faste arbeidsoppgåver innan fysikalsk behandling/opptrening, både individuelt og i gruppe, aktiv på dag- grupper og anna friskliv- og helsefremjande arbeid, samt rehabilitering i institusjon og evt ute i heimane ved behov. Arbeidsoppgåver innan hjelpemiddelsaker, vaksenhabilitering og evt lymfedrenasje kan bli tilpassa stillinga ut frå behov, kompetanse og ledig kapasitet.
Vi ser etter ein person som har interesse for og gjerne erfaring innan både kurativ fysioterapi og frisklivsarbeid/rehabilitering. Vi ynskjer oss nokon som likar å jobbe strukturert og målretta med mykje pasientkontakt gjennom arbeidsdagen og som har gode samarbeids/kommunikasjonsevner.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unntak offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.