Frivilligheitsavdelinga: Førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar Bilde

Vi gjer det enkelt å vere frivillig i Norge. No søker vi tre nye lagspelarar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Frivilligheitsavdelinga: Førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Fulltid

 avdeling for frivilligheitsstøtte er vi ein gjeng på 18 personar med variert bakgrunn. Vi jobbar med ulike oppgåver knytt til samfunnsoppdraget vårt: å sikre ei sterk frivilligheit.

Som Norges største tilskotsforvaltar for frivillig sektor får vi stadig nye oppgåver. I 2023 delte vi ut rundt 4,3 milliardar kroner gjennom tilskotsordningane våre. Med så mykje pengar som skal ut til rett mottakar, treng vi stadig flinke folk med ulik kompetanse og bakgrunn.

Vi jobbar mykje med rådgiving til søkarane våre, lov- og forskriftsarbeid, utvikling av brukarvennlege løysingar, sakshandsaming og tilsyn. No ser vi etter fleire kloke hovud som kan vere med på laget.

Vi har ledig to faste stillingar og eit eittårig engasjement. Vi ser for oss at ein master i rettsvitskap eller økonomi/revisjon kan vere rett bakgrunn for dei faste stillingane. Samtidig opnar vi for at du kan ha bakgrunn frå andre studieretningar på masternivå.

For engasjementet trur vi at ein bachelor i økonomi/rekneskap eller ein master i rettsvitskap vil vere godt grunnlag for å løyse arbeidsoppgåvene. Men kanskje har du ei anna utdanning på bachelornivå som kan passe. Vis det gjerne gjennom søknaden.

Det vil vere eit pluss om du har interesse for digital utvikling eller erfaring frå prosessar som forenklar tenester for brukarar. Då kan du ha nyttig kompetanse som vi er ute etter. Uavhengig av bakgrunnen din elles må du kunne snakke og skrive norsk svært godt.

Avdelinga er delt inn i ulike team, eller lag, som vi kallar det hos oss. Dei ulike laga jobbar som nemnt med sakshandsaming, lov- og forskriftsarbeid, rådgiving og analyse knytt til dei ulike tilskotsordningane våre. Jobben vår er å gjere det enkelt å vere frivillig i Norge.

Dette fordrar ulik type kompetanse, og i avdelinga vår har vi difor juristar, revisorar, samfunnsvitarar og økonomar. Hos oss er dei fleste involverte i fleire lag, som gir variasjon i arbeidsoppgåvene og god utnytting av kompetanse på tvers av laga. Arbeidet blir tilpassa til kompetansen og erfaringa du har, sett opp mot behova på avdelinga.

Vi trur du trivast med å bryne deg på komplekse problemstillingar, både aleine og i lag med gode kollegaer. Sidan du vil vere med i fleire lag, som har ulik belastning gjennom året, så vil det vere ein fordel om du er strukturert og synest det er greitt å ha fleire ballar i lufta samtidig.

Vi jobbar tett med oppdragsgivaren vår, som er Kultur- og likestillingsdepartementet. Vi deltar også i fleire prosjekt med eksterne aktørar, som Brønnøysundregistrene og Direktoratet for forvaltning og økonomistyring.

Verkar dette interessant for deg? Kunne du tenke deg å lære meir om frivillig sektor i Norge? Vil du vere med på dagleg quiz i kaffibaren vår? Viss svara er ja, vil vi gjerne høyre frå deg med ein søknad.

Kvifor skal du velje oss?

Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk. Vi held til i eit moderne kontorbygg midt i Førde sentrum, og har kantine med lunsjordning.

Hos oss får du trene i arbeidstida, og vi har eige trimrom på huset. Ved å jobbe hos oss vert du medlem i Statens Pensjonskasse, og vi er ei IA-bedrift.

Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål om stillinga eller om korleis det er å jobbe hos oss.

Verdt å merke seg

Løn og stillingstittel blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1408/1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde