Forskar innan teknologi og samfunn Bilde

Ledig forskarstilling på det tverrfaglege feltet teknologi og samfunn

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Forskar innan teknologi og samfunn Vestlandsforsking Sogndal Fulltid
Vestlandsforsking Logo

Vestlandsforsking

pb 163
6865 Sogndal
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Hilde G. Corneliussen, forskingsleiar for teknologi og samfunn
479 00 814

Søknadsfrist

15. januar 2023

Om stillinga

Kunne du tenke deg å jobbe i eit spennande og tverrfagleg forskingsmiljø og samarbeide tett med samfunns- og næringsliv? Då kan denne forskarstillinga ved Vestlandsforsking i Sogndal vere noko for deg. Vi lyser ut ei stilling på det tverrfaglege forskingsfeltet teknologi og samfunn.

Forskar innan teknologi og samfunn

Vi ønskjer å utvide den tverrfaglege forskingsgruppa vår innan teknologi og samfunn, som i dag tel 16 personar. Gruppa utfører forskings- og utviklingsoppgåver på fire hovudområde: stordata; regional utvikling og digitalisering i privat og offentleg sektor; kjønn, mangfald og teknologi; og e-Helse. Vi byggjer kunnskap både til private og offentlege aktørar og til nasjonal og internasjonal politikkutforming.

Til den utlyste stillinga ønskjer vi ein person som har forskingserfaring frå feltet teknologi og samfunn, og innan eitt eller fleire av desse tematiske satsingsområda:

  • digitalisering og teknologidriven innovasjon i næringsliv og offentleg sektor,
  • regional utvikling og innovasjon,
  • kjønn, mangfald og utanforskap,
  • grøn omstilling, digitalisering og eit inkluderande arbeidsliv
  • samfunnsrelaterte problemstillingar knytt til nye teknologiar, t.d. kunstig intelligens

Arbeidsoppgåvene som ligg til denne forskarstillinga, er prosjektbaserte forskings- og innovasjonsoppdrag, utvikling av nye prosjekt og publisering og formidling av forskingsresultat. Du kan forvente samarbeid med andre forskarar ved Vestlandsforsking og med eit nettverk av nasjonale og internasjonale forskarar og forskingsinstitusjonar.

Vi ser etter dyktige og motiverte medarbeidarar med erfaring frå forsking, helst med doktorgrad og bakgrunn frå eit tverrfagleg teknologistudium eller eit relevant fagområde. Søkarar med mastergrad og relevant erfaring er òg aktuelle.

Du må vere sjølvstendig og trivast med oppdragsforsking. Vi legg vekt på formell kompetanse, publisering og annan dokumentert forskingsinnsats, personlege eigenskapar og nettverk. Du må òg ha gode samarbeidsevner og kunne inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Som forskar må du vidare ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne, helst både på norsk og engelsk.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver, godt arbeidsmiljø, eit stort nasjonalt og internasjonalt samarbeidsnettverk og solide velferdsordningar.

Løn etter avtale.
Arbeidsstad er Sogndal.

Send oss søknad med CV og publikasjonsliste, karakterutskrifter/vitnemål og eventuelle attestar på e-post til adressa post@vestforsk.no.
I søknaden må du identifisere korleis kompetansen din er relevant for eitt eller fleire av dei tematiske satsingsområda for teknologi og samfunn.

Søknadsfrist: 15. januar 2023

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:
Forskingsleiar for teknologi og samfunn, Hilde G. Corneliussen: 479 00 814, hcg@vestforsk.no
Direktør Anne Karin Hamre: 979 86 511, akh@vestforsk.no

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forskings- og utviklingsoppdrag for næringsliv og offentleg sektor. Vi er om lag 36 tilsette i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, energi, reiseliv og teknologi og samfunn. Vi har ein lang tradisjon for internasjonalt forskingssamarbeid, og utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag. Vestlandsforsking arbeider systematisk for å sikre likeverd, mangfald og god kjønnsbalanse. Vi held til på Campus Sogndal, i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogndal er kjent for fantastisk natur og gode vilkår for friluftsliv. Les meir om korleis forskarane Malin, Agnes og Torbjørn skildrar Vestlandsforsking som ein kjekk, engasjerande og fleksibel arbeidsstad: https://www.vestforsk.no/nn/kunne-du-tenke-deg-jobbe-hja-oss

Vestlandsforsking Kulturbilde