Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Forretningsutviklar/prosjektleiar | Sunnfjord Utvikling | Sunnfjord | Fulltid |
Sunnfjord Utvikling AS søker etter forretningsutviklar/prosjektleia
Likar du å vere der det skjer? Har du erfaring frå forretningsutvikling og ynskjer å legge til rette for at næringslivet i vår region lukkast?
Då håper vi å høyre frå deg!
Du vil blant anna få jobbe med dette:
Det viktigaste er at du har samfunnsengasjement og motivasjon for å jobbe med vekst og utvikling i regionen.
Utover det tenker vi at du har utdanning innan økonomi, innovasjon, entreprenørskap og/eller noko tilsvarande. Har du i tillegg erfaring med prosjektleiing, bedriftsrådgjeving og forretningsutvikling er det ein fordel.
Du vil få ein variert arbeidskvardag i lag med særs engasjerte kollegaer på Peak Sunnfjord, eit innovativt klyngemiljø med rundt 30 bedrifter og til saman over 100 tilsette i sentrum sør i Førde.
Har du spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med dagleg leiar Gunhild Berge Stang på tlf. 976 53 785 eller gunhild.berge.stang@sunnfjord.no.
Interessert? Send ein kortfatta søknad og CV til kathe.arnesen@sunnfjord.no
Søknadsfrist: 30. november 2022