Forretningsutviklar - Nyoppretta stilling innan anbodsarbeid! Bilde

Fjord1 har store ambisjonar for framtida - har du?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Forretningsutviklar - Nyoppretta stilling innan anbodsarbeid! Fjord1 AS Kinn Fulltid
Fjord1 AS Logo

Fjord1 AS

Strandavegen 15
6900 Florø
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Merete Juel, Leiar Forretningsutvikling
907 55 595

Søknadsfrist

13. november 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

FJORD1 STYRKAR LAGET OG OPPRETTAR EIN NY STILLING INNAN ANBODSARBEIDET I REDERIET!

Stillinga er organisert i avdelinga Forretningsutvikling og vil vere heilt sentral i det tverrfaglege arbeidet med å finne dei beste løysingane for framtidas Fjord1.

Vi ser etter deg som har høgare utdanning innan økonomisk fagfelt, som trivast med komplekse problemstillingar og økonomiske analyser. Du blir trigga av utfordringar og nye problemstillingar, og stillar spørsmål og tørr utfordre det etablerte. Du trivast i samhandling med andre, men har ein eigen driv og sjølvstendigheit i arbeidskvardagen. Du leverar arbeid av høg kvalitet sjølv med tøffe tidsfrister.

Dette er eit arbeid med fokus på framtida til Fjord1, ei engasjerande stilling der utfordringa er å finne dei beste løysingane for å sikre vår framtidige konkurransekraft.

Blir du trigga av denne moglegheita? Bli med på laget då vel!

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomgå og forstå utlyste offentlege anbod
  • Utforme og tilpasse kalkylemodell for anbod
  • Samarbeide med prosjektleiar og teknisk avdeling om den beste strategiske løysinga
  • Bidra i dialogen med og presentasjon for leiing
  • Ivareta dialog mot oppdragsgjevar i anbodsprosessen
  • Utarbeidelse, kvalitetssikring og innlevering av endelig anbud
  • Bistå i andre forbetrings- og rapporteringsprosessar ved behov

Kvalifikasjonskrav

  • Minst 5 års relevant arbeidserfaring
  • Høgare utdanning innan økonomisk fagretning
  • Gode modelleringskunnskap i Excel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk
  • Teknisk forståing er ein fordel
  • Generelt god IT kompetanse

Om deg

  • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du er analytisk, nøyaktig, strukturert, kvalitetsbevisst og opptatt av å levere grundig arbeid
  • Du evner å sette deg inn i nye ting og forstå komplekse økonomiske sammenhengar
  • Du er løysingsorientert og "ser utanfor boksen"
  • Du er ein som stiller spørsmål, utfordrar gruppa og kjem med forslag
  • Du er oppteken av kvalitet i arbeidsoppgåvene
  • Du handterar å arbeide under tidspress

Vi tilbyr

  • Ei engasjerande og utfordrande stilling
  • Eit arbeidsmiljø prega av entusiasme og arbeidsglede
  • Dyktige kollegaer
  • Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
  • Fleksible arbeidsordningar
  • Moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
  • Gode velferdsordningar
  • Topp moderne og nye kontorlokale sentralt i Florø
Fjord1 AS Kulturbilde