Om stillinga
Ferievikariat i omsorgstenesta i Luster omfattar Luster, Gaupne og Hafslo omsorgssenter – og Grandmo miljøteneste.
- Hafslo omsorgssenter har heildøgns tenester i omsorgsplassar, dagsenter, omsorgsbustader og tenester til heimebuande.
- Gaupne omsorgssenter har heildøgns tenester i omsorgsplassar, omsorgsbustader, tenester til heimebuande og korttidsavdeling (KA).
- Luster omsorgssenter har sjukeheimsplassar, omsorgsbustader og tenester til heimebuande.
- Grandmo miljøteneste ligg i Gaupne og yter tenester til menneske med funksjonsnedsetting.
Stillingsinformasjon:
- Ferieperioden er frå 26. juni (veke 26) til 20. august (veke 33).
Det er ynskjeleg at du arbeider 100% stilling i minimum 6 veker i perioden 26. juni til 20. august. Sjukepleie- og vernepleiestudentar som går inn på desse vilkåra vil få særskilt gode lønsvilkår, etter ein lønsstige basert på kor langt du har kome i utdanningsløpet.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og omsorg til pasientar på omsorgssenter og heimebuande
- Tilrettelegge mat/delta i måltid
- Reinhald og praktisk bistand i heimen
- Arbeid ved Luster sentralkjøken
Kvalifikasjonskrav
- Ferievikarar må ha fylt 18 år, men yngre søkarar som tek helsefagarbeidarutdanning kan og søke.
- Me ynskjer sjukepleiarar/sjukepleiestudentar, vernepleiarar/ vernepleiarstudentar, hjelpepleiararhelsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar, heimehjelp, assistentar og elevar innan helse- og miljøarbeid.
- For å arbeide i korttidsavdelinga (KA) i Gaupne må du vere sjukepleiarstudent eller ferdig utdanna sjukepleiar. Det vert lagt vekt på fleksibilitet, samt evne til å samarbeide og skape gode relasjonar.
Vi tilbyr
- Ferievikariat av varierande lengde frå 26. juni til 20. august. Det er ynskjeleg at du i denne perioden kan arbeidemest mogleg samanhengande. Det er viktig at du i søknaden fyller ut kva tidsrom du kan arbeide.