Ferievikarar - vedlikehald bygg og grøntområde Bilde

Ferievikarar - vedlikehald bygg og grøntområde

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga


Stad kommune søkjer etter ferievikarar til vedlikehald av bygg og grøntområde i perioden mai - september 2023.

Arbeidet er både på Nordfjordeid, i Selje og på Stadlandet. I søknaden må du skrive kvar du helst ønskjer å arbeide og når du kan arbeide i denne perioden. Dersom du kan arbeide litt før eller etter den fastsette perioden må du opplyse om dette i søknaden. Er det periodar du ikkje kan arbeide må du også informere om det.

Arbeidsoppgåver

  • Grønt vedlikehald i område som Stad kommune har ansvaret for
  • Vedlikehald av kommunale bygg som til dømes maling og utvendig vedlikehald
  • Andre oppgåver kan bli aktuelle

Kvalifikasjonskrav

  • Du bør vere fylt 18 år
  • Du må ha sertifikat for traktor eller bil
  • Gjerne disponere bil

Om deg

  • Nøyaktig og pliktoppfyllande
  • Flink til å sjå kva som må gjerast
  • Evne til både å jobbe sjølvstendig og saman med andre
  • Gjerne erfaring frå liknande arbeid
  • Likar praktisk arbeid ute

Vi tilbyr

  • Ein kjekk feriejobb
  • Løn etter tariff