Fastlege/ALIS stillingar i Måløy Bilde

Fastlege/ALIS stillingar i Måløy

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Kinn kommune Kinn Fulltid

2 ledige fastlegeheimlar og eitt ledig vikariat

Kinn kommune har ledig 2 fastlegeheimlar som sjølvstendig næringsdrivande ved Måløy legekontor. Heimlane er ledige for oppstart frå 01.03.2023.

Det vil også bli ledig eit vikariat frå 01.05.2023.

Legekontoret har 9 faste heimlar og ein Lis 1 knytt til kontoret. Alderssammensetninga blant legane på kontoret er mellom 30 - 60 år. Det er tre legar som er spesialistar i allmennmedisin. Listestorleik på fastlegelistene er 800 pasientar. I ein oppstartsfase kan det for leger i starten av spesialiseringa avtalast redusert listelengde.

Kontoret har tilsett leger og hjelpepersonell med lang erfaring og brei faglig kompetanse. Hjelpepersonell i kontoret er kommunalt tilsett.
Kontoret nyttar Infodoc EPJ og Convene betalingssystem.

Om legekontoret

Legekontoret er godt etablert i lyse og fine lokaler sentralt i rådhuset i Måløy. Tal innbyggjarar som bur i Kinn kommune er ca 17200. Av desse er det ca 5500 som bur i Måløy og omegn og som soknar til dette legekontoret. På rådhuset finn du og helsestasjon, barnevern, Nav, sentraladministrasjon og servicekontor.

Legekontoret har legevakt på dagtid kl. 08.00 - 16.00 måndag til fredag.

For legevakt på kveld, helg og natt er det etablert interkommunal legevakt, Nordfjord legevakt, som er lokalisert til Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid, (ca 45 min kjøretur frå Måløy). Her er det 5 kommunale ØDH/obs - senger som er samlokalisert og knytt til legevakta.

Vaktbelastning med eit gjennomsnitt på om lag 3 vakter per månad med vaktlengde på maksimalt 9 timar, fastløn. Legevakta er alltid bemanna med 2 sjukepleiarar i 3-delt vakt.

Kommunale bistillingar etter gjeldane avtalar dvs. inntil 7.5 timar per veke.

Kvalifikasjonar

  • Interesse for allmennmedisin

  • Gyldig norsk autorisasjon

  • Gode norskkunnskaper både skriftlig og munnleg

  • Ferdig med LIS 1 - teneste og som har byrja på eller ferdig med spesialiteten i allmennmedisin

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og fleksibel

  • Gode samarbeidsevner

  • Pasienten i fokus

  • Bidrar til positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Varierte fastlege oppgåver

  • Godt tverrfagleg samarbeid

  • Ein framtidsretta arbeidsplass i utvikling

Tilrettelegging for spesialistutdanning, ALIS- tilskot, også for vikarar som gjer avtale om ein lengre arbeidsperiode.

Driftsavtalen med kommunen er ein 8.2 - avtale der kommunen driftar praksis ( kontorlokale, utstyr og hjelpepersonell) i byte mot per capita tilskotet, og ein mindre månadleg sum for materiell pr lege. Det vert ikkje krevd goodwill.

Kinn kommune Kulturbilde