Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Stad kommune | Stad | Fulltid |
Ledig fastlegeheimel på Nordfjordeid i Stad kommune.
Stad kommune lyser ut fastlegeheimel i godt opparbeidd praksis i kommunalt drive legekontor på Nordfjordeid frå 01.09.2022.
Fastlegeheimelen har ei listelengde på 800 pasientar (700 pasientar ved tilsetting av ALIS) og inntil 7,5 timar per veke i kommunal deltidsstilling. Stillinga er tredelt og omfattar kurativt arbeid, legevaktarbeid og offentlege arbeidsoppgåver.
Stad kommune har to legekontor som begge er kommunalt drive. Legetenesta i Stad har tolv fastlegeheimlar.
Legekontoret nyttar Infodoc Plenario journalsystem. Det er tilsett sjukepleiarar og legesekretærar som hjelpepersonell. Eid legekontor er med i pilotprosjekt om primærhelseteam.
Eid legekontor har eit godt fagmiljø med 8 andre fastlegar og LIS1. På Nordfjordeid ligg sjukehus med indremedisinsk døgnavdeling, laboratorium, røntgen, skadepoliklinikk, samt døgntilbod på distriktspsykiatrisk senter og ruspost.
Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato.
Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Stad kommune har 6 månadar prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!