
| Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|
| Stad kommune | Stad | Fulltid |

Vi har ledig fastlegeheimel på Nordfjordeid i Stad kommune.
Kommunen har to legekontor og tolv fastlegeheimlar samt ei stilling for Lis1. Begge kontora er drifta av kommunen og det er ikkje knytt kostnadar til oppstart i heimelen (goodwill)
Eid legekontor har eit godt fagmiljø der 3 av legane våre er spesialistar i allmennmedisin og dei andre 6 legane har ALIS avtale. Alderssamansettinga er mellom 30 til 60 år og listestorleik på fastlegelistene ligger mellom 700 - 900. ALIS legane våre har 700 pasientar på sine lister.
Legekontoret er godt utstyrt med mellom anna spirometri, EKG, 24-t BT, akuttrom/sårskifterom og legevaktbil. Fastlegane har gruppepraksis og er sjølvstendig næringsdrivande. Alle har forsterka 8.2 avtale. dvs at kommunen held lokale, utstyr og hjelpepersonell i byte mot basistilskotet og legane er gjennom avtalen sikra økonomisk kompensasjon ved fråvær grunna eigen eller barns sjukdom, kurs ol.
Stillinga er tredelt og omfattar kurativt arbeid, legevaktarbeid og offentlege arbeidsoppgåver. Den kommunale daglegevakta frå kl 08:00 - 16:00 måndag til fredag fordelast mellom dei 10 legane ved kontoret. Legevakt på kveld, natt og helg er ved interkommunal legevakt lokalisert på Nordfjord sjukehus. Vaktbelastninga her er omlag 3 vakter per månad med vaktlengde på maksimalt 9 timar. Legane får fastløn for alle timane på interkommunallegevakt og legevakta er alltid bemanna med 2 sjukepleiarar. Samlokalisert med legevakta er 5 kommunale ØHD sengeplassar.
Kommunale bistillingar etter gjeldande avtalar inntil 7,5 timar per veke..
Legekontoret nyttar Infodoc EPJ og Melin betalingssentral
Det er tilsett 7 årsverk som hjelpepersonell inkludert avdelingsleiar. Hjelpepersonell har brei erfaring og kompetanse som sjukepleiarar, bioingeniør og legesekretær.
På Nordfjordeid ligg sjukehus med indremedisinsk døgnavdeling, laboratorium, røntgen, skadepoliklinikk, samt døgntilbod på distriktspsykiatrisk senter og ruspost.
Fastlegar har dei seinare åra fått fleire oppgåver og det har vore behov for å auke tal fastlegeheimlar, samt redusere listelengdene. Desse endringane har også ført til auka behov for støttetenester i resepsjon og laboratorium. Stad kommune har i samarbeid med legane våre jobba målretta for å få ned arbeidsbelastninga og gje fastlegane ein betre arbeidskvardag og vi ønskjer akkurat DEG med på laget vårt.
Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato.
Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Stad kommune har 6 månadar prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!