Fast jobb mellom fjord og fjell? Bilde

Vi ser etter eit klokt og analytisk hovud

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fast jobb mellom fjord og fjell? Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Fulltid
Lotteri- og stiftelsestilsynet Logo

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Postboks 800
6805 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Marianne Skjeldestad Hove
90796089

Søknadsfrist

19. november 2023 Søk på stillinga her

Avdeling for frivilligheitsstøtte består av ein gjeng på 18 personar med varierte bakgrunnar. På avdelinga jobbar vi med ulike oppgåver knytt til samfunnsoppdraget vårt: å sikre ei sterk frivilligheit.

Som den største tilskotsforvaltaren for frivillig sektor, delte vi ut rundt 3,7 milliardar kroner gjennom tilskotsordningane våre i 2022. Vi sit på store datamengder om arbeidet vårt og om frivilligheita i Noreg. Vi ønsker å forbetre eigne arbeidsprosessar, samt å bidra både internt og eksternt med innsikt om frivillig sektor. No ser vi etter eit klokt hovud som kan hjelpe oss med nettopp dette.

Nokre av arbeidsoppgåvene vil vere innhenting, analyse og presentasjon av data. For å trivast i jobben trur vi difor at du er analytisk og interessert i å bidra med innsikt. For å løyse arbeidsoppgåvene best mogleg, vil det vere ein fordel om du har erfaring med eitt eller fleire av desse analyseverktøya: Excel, Power BI, SQL, R eller Python. Det er også eit pluss du er god på formidling. Vi ser for oss at ein bakgrunn innanfor økonomi, revisjon, samfunnsvitskap eller IT vil danne eit godt grunnlag for stillinga. Kanskje har du master, eller relevant erfaring med liknande arbeidsoppgåver.

Avdelinga er delt inn i ulike team, eller lag, som vi kallar det hos oss. Dei ulike laga jobbar mellom anna med sakshandsaming, lov- og forskriftsarbeid, og rådgiving rundt dei ulike tilskotsordningane vi forvaltar. Det vil vere rom for å tilpasse arbeidsoppgåvene til den kompetansen og erfaringa du har, sett opp mot behova på avdelinga. Hos oss er dei fleste involvert i fleire lag, som gir variasjon i arbeidsoppgåvene og god utnytting av kompetanse på tvers av laga. Godt samarbeid med kollegaer er viktig for oss. Vi jobbar tett med oppdragsgivaren vår, som er Kultur- og likestillingsdepartementet. Vi deltek også i fleire prosjekt med eksterne aktørar, som til dømes Brønnøysundregistrene og Direktoratet for forvaltning og økonomistyring.

Møt folka våre: Kristian og Eirik jobbar for å avdekke kampfiksing, hos «Sunnfjords beste arbeidsplass» - Lottstift

Er du nysgjerrig på kvifor juristen Johnny har valt å jobbe hos oss i over 20 år? Meiner du at analyse av store datamengder er midt i blinken for deg? Kunne du tenke deg å lære meir om frivillig sektor i Norge? Viss svara er ja, vil vi gjerne høyre frå deg med ein søknad.

Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk. Vi held til i eit moderne kontorbygg i Førde sentrum, og har kantine med lunsjordning. Vi tilbyr trening i arbeidstida, og har eige trimrom på huset. Ved å jobbe hos oss vert du medlem i Statens Pensjonskasse, og vi er ei IA-bedrift. Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål om stillinga eller om korleis det er å jobbe hos oss.

Løn og stillingstittel blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1408/1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Om arbeidsgivaren

Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord. På huset jobbar kring 90 engasjerte kollegaer innan mange forskjellege fagfelt.

Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.

Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange toppturentusiastar på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med til fjells. Om topptur ikkje er di greie, så passar det kanskje betre å bli med på den faste torsdagstimen vår på Puls. Eller å hive seg med på quiz-laget vårt på Peppes. Vi har også fast quiz i kaffibaren i 5. etasje kvar dag etter lunsj 😊Der får vi ofte servert gullkorn frå Arne, ein av IT-utviklarane våre.

Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!

Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde