Fagleiar automasjon Bilde

Brenn du for automasjonsfaget?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fagleiar automasjon Sogn og Fjordane Energi Gloppen, Bremanger, Sogndal Fulltid
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Bjarte L. Hauge
908 39 039

Søknadsfrist

21. september 2025 Søk på stillinga her

Noreg – og verda – er avhengige av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen. Vi skaper den fornybare framtida, det er samfunnsoppdraget vårt.

Vi søkjer no etter fagleiar automasjon. For den rette kandidaten er det og moglegheiter for tilleggsansvar for oppfølging av prosjektportefølje rehabilitering.

Fagleiar automasjon er organisert i avdeling Kraftverk saman med fagleiarar for andre område (t.d. elektro, bygg, maskin og miljø) i eit team vi kallar Kraftverkseigar. Rolla har eit overordna fagleg ansvar innan kontrollanlegg, fjernstyring, instrumentering, regulerings- og vernutstyr, samt tilgrensande utstyr i anlegga våre. Fagleiar har og ansvar for å drive og utvikle faggruppe automasjon. I tillegg er det forventa at du bidreg i overordna prosessar som strategi- og planarbeid, ressursprioritering, saksbehandling og intern koordinering.

Ein variert kvardag med faget i fokus

Fagleiarane i SFE er nøkkelpersonar som jobbar i eit aktivt skjeringspunkt mellom folk og fag. Du er involvert i kvardagsleg drift og vedlikehald, planlegging og prosjektarbeid, og fagleg utviklingsarbeid.

Rolla krev at du har djup forståing for og erfaring i automasjonsfaget. Samstundes må du evne å sjå heilskapen og grensesnitta mot andre fag, sidan du i jobben din skal etablere og vidareutvikle mål, strategiar og planer for samordna anleggsforvaltning og anleggsutvikling i samspel med andre fagleiarar.

Du er ein god fagleg rollemodell som held deg oppdatert, utviklar fagområdet og sikrar kompetanseutvikling for alle i faggruppa. Den faglege standarden er det du som definerer og samordnar, sjølvsagt alltid i tråd med gjeldande regelverk. Du skal og ivareta oversikt over anleggskomponentar, tilstand og risikoforhold, samt definere innhald i driftsoppgåver og vedlikehaldsprogram. Bestilling av drift og vedlikehald innan fagområdet er det du som gjer.

Som fagleiar har du oversikt over rehabiliteringsbehov og tek rolla som prosjekteigar (bestillar) for rehabiliteringsprosjekt. Du deltek og i referansegrupper i utbyggingsprosjekt, og yt både drifts- og prosjektstøtte ved behov. Eit viktig ansvarsområde er og dokumentasjon og internkontroll i eige fagområde, inkludert kvalitetssikring og oppdatering av dokumentasjon etter gjennomførte prosjekt.

Til slutt vil vi leggje til at vi skal styrke oss på prosjektoppfølging og prosjektrapportering. I samband med dette vil det for den rette kandidaten vere aktuelt med eit tilleggsansvar for oppfølging av porteføljen av rehabiliteringsprosjekt i rolla som fagleiar automasjon.

Kven trur vi du er?

Du brenn for faget og har engasjement for produksjon av fornybar energi!

Vi trur du har høgare utdanning innan automasjonsfaget – anten via teknisk fagskule, eller bachelor-/mastergradsutdanning. Samstundes er vi opne for deg som har lang og relevant erfaring innan både fagområde og bransje – eit fagbrev og praktisk erfaring i botnen er eit fortrinn. Uansett veg, så er du fagleg sterk og har god systemforståing.

Vi ønskjer oss at du har erfaring med leiing av prosjekt eller fag – men har du det ikkje, så reknar vi med at du har sterk motivasjon for å utvikle deg inn i ei slik leiarrolle med alt det inneber. Erfaring frå kraftbransjen er eit stort pluss.

Du er trygg i faget, og veit korleis du skal gje faglege tilbakemeldingar for å utvikle kollegaene. Du er ein person som likar, og tek deg tid til, å halde deg fagleg oppdatert på regelverk og beste praksis. Du er og flink å ta avgjerder, og er ein som syter for framdrift og gode høve for samhandling på tvers.

Difor skal du velje oss!

Som fagleiar i SFE får du ein spennande og variert arbeidskvardag, der både operativ drift og strategisk fokus er viktig. Du vil få spele på lag med dyktige fagfolk om å bidra til noko større - vårt samfunnsoppdrag som er å skape den fornybare framtida.

Vi håpar at du ser ei spennande moglegheit i å vere fagleiar i SFE, og at du vil oppleve å jobbe i eit selskap som set stor pris på sine tilsette. Dette vart tydeleg stadfesta gjennom vår siste medarbeidarundersøking, der trivsel og fellesskap vart løfta fram som nokre av våre største styrker. Vi satsar målretta på utvikling av medarbeidarane våre og tilbyr attraktive ordningar. Verdiane våre – Stolt, Frisk, Ekte – gjennomsyrar alt vi gjer, og vi inviterer deg til å bli med oss på vegen vidare.

Arbeidsplassen din vil vere på Sandane eller ved ein av våre andre lokasjonar (Svelgen, Ålfoten, Vetlefjorden).

Før tilsetting av den rette kandidaten hos oss, vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.

Vi meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodar personar med ulike bakgrunnar til å søkje. Vi gler oss til å høyre frå deg!

Søknadsfrist er 21. september.

Har du spørsmål kan du kontakte:

Bjarte L. Hauge, avdelingsleiar Kraftverk, mobil 908 30 039

Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde