Sogn og Fjordane Energi Hovedbilde

Fagarbeidar kraftverk

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fagarbeidar Gloppenstasjonane Sogn og Fjordane Energi Gloppen Fulltid
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Frode Helgheim
951 98 370

Søknadsfrist

15. oktober 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Å skape berekraftige energiløysingar, og engasjere oss i arbeidet mot dei store klimautfordringane, er vårt viktigaste oppdrag.
I Sogn og Fjordane Energi jobbar vi målretta kvar dag med å skape den fornybare framtida.

Sogn og Fjordane Energi er ein av dei store produsentane av fornybar energi på Vestlandet, lokalisert midt i hjartet av Norges fremste region for fornybarressursar. Vi hentar krafta vår frå vatn og vind, samt våre 250 engasjerte og dyktige medarbeidarar. Energikonsernet har omfattande nybyggingsaktivitet innan både vind- og vasskraft. Dette i tillegg til ein omfattand drifts- og vedlikehaldsaktivitet, der vi gjennom digitale løysingar er langt framme i arbeidet med å utvikle framtidas drift og vedlikehald.

Vil du ha ein jobb med meining?


Arbeidsoppgåver

Dine oppgåver:- Drift og vedlikehald av våre stasjons- og vassdragsanlegg
- Feilsøkjing, reperasjon av anlegg og utstyr
- Delta i prosjekt , produksjonsstansar og revisjonar på alle våre anlegg
- Vidareutvikle deg innan relevante fag- og spesialområder
- Arbeide tverrfagleg og delta i arbeid på alle våre anlegg og oppmøtestadar når det er behov for det

Kvalifikasjonskrav

Du har:- Fagbrev innan elektro eller mekaniske fag

Om deg

Du er:

- Sjølvstendig, men arbeider også godt i saman med andre
- Positivt oppteken av HMS, og tør å seie ifrå
- Sosial og har godt humør, og er ein positiv bidragsytar for miljø og samhald
- Ein som likar å stå på og har ei positiv haldning til effektivitet, utvikling og forbetring
- Innstilt på ein del reising knytt til arbeid på våre anlegg

Vi arbeider aktiv og målretta for å styrke mangfaldet i SFE-konsernet og oppmodar kvinner til å søkje på stillinga

Vi tilbyr

- Jobb som gir meining- Godt arbeidsmiljø, og engasjerte kollegaer- Gode moglegheiter for fagleg utvikling- Gode pensjons- og forsikringsordningar- Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår- Eit unikt område med tanke på friluftsliv- Godt kommunikasjonstilbod, flyplass

Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde