| Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|
| Fjaler kommune | Fjaler | Fulltid |

Vi har ledig eit vikariat i 100 % stilling frå snarast og ut 2024.
Vi ser etter deg som likar å jobbe med menneske, har fokus på tilrettelegging og brukarmedverknad, og som vert motivert av faglege utfordringar. Har du utdanning innan helse-, sosial- eller oppvekstfag, kan du vere den vi søkjer etter. Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid utan fagbrev vil og bli vurdert, då gode evner til relasjonsbygging er viktig i denne stillinga
Det er ope for langvakter om ynskjeleg eller todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi nyttar årsturnus med oppstart i februar/mars kvart år.
Du blir tilsett i Fjaler kommune, men tenestene er organisert som brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Ordninga omfattar dei same tenestene som ordinære helse- og omsorgstenester, men er organisert slik at brukaren har større innverknad på sin eigen kvardag.
Som tilsett jobbar du tett opp mot brukar i kvardagen. Personlege eigenskapar blir lagt vekt på. Lurar du på om dette kan vere noko for deg, så håper vi du tek kontakt med oss.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.