Fagarbeidar elektro eller maskin Bilde

Vi treng deg i Sunnfjord og omegn til vår småkraftsatsing

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fagarbeidar elektro eller maskin Sogn og Fjordane Energi Gloppen, Sunnfjord, Askvoll Fulltid
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Bjarte L. Hauge
908 39 039

Søknadsfrist

31. desember 2025 Søk på stillinga her

I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen – det er samfunnsoppgåva vår! I Noreg – og i heile verda – er vi avhengige av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. Som energiselskap er vi eit viktig verktøy i dette arbeidet. I tillegg tek vi del i arbeidet med å finne berekraftige grøne løysingar der vi tek energien i bruk.

Vi tilby tenester til eksterne innan drift, vedlikehald og mindre rehabiliteringsprosjekt av småkraftverk i regionen vår - og spesielt i Sunnfjord og omegn. Til denne satsinga søkjer vi no etter fagarbeidar innan elektro- eller maskinfag (elektrikar / mekanikar / energioperatør / energimontør).

Du som søkjer har solid teknisk kompetanse, og er vand med å etterleve ein svært høg standard når det kjem til tryggleik og HMS i praksis. Du har erfaring frå drift og vedlikehald av tekniske anlegg, samt relevant fagbrev. Du har og førarkort klasse B eller BE, og ønskjer deg ein jobb der reiseverksemd i aksen Gloppen - Sunnfjord - Askvoll er ein del av kvardagen.

Om du har anna relevant bakgrunn, til døme fagskule eller høgare utdanning innan elektro- eller maskinteknikk, ønskjer vi også å høyre frå deg.

Vi set pris på at du likar å jobbe sjølvstendig, at du står på og er oppteken av effektivitet, utvikling og forbetring. Ditt gode humør og sosiale vesen gjer deg til ein god bidragsytar for miljø og samhald. Du synst og det er kjekt med ein god del reising i jobben.

Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, utviklingsmoglegheiter, konkurransedyktige vilkår, og gode pensjons- og forsikringsordningar. Oppmøtestad i stillinga vil vere i firmabil, og arbeidet vil gå føre seg på ulike plassar i vår region - men i hovudsak langs aksen Gloppen-Sunnfjord-Askvoll.

Før tilsetting av den rette kandidaten hos oss, vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.

Vi er på jakt etter folk løpande, og gjer vurdering av kandidatar undervegs. Er du interessert, ikkje nøl med å sende din søknad.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Avdelingssjef Kraftverk, Bjarte L. Hauge, tlf. 908 39 039.

Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde