
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Fagarbeidar elektro | Sognekraft AS | Sogndal | Fulltid |

Sognekraft Produksjon produserer fornybar energi og driftar 20 kraftverk, fire av dei er heileigde. Sognekraft Produksjon har fleire spanande prosjekt under utvikling, mellom anna bygging av Feios kraftverk, som vert klar til drift i haust.
Vedlikehaldsgruppa held til i Årøy består av 15 gode kollegaer som har ein arbeidskultur der me legg vekt på godt samarbeid, Med 20 kraftverk fordelt i Sogn og Fjordane må du vere strukturert og ha ordenssans. Geografien kan utfordre oss og det er ein fordel å vere i god form og like fysisk aktivitet. Me har stor medverknad på eigen arbeidskvardag og blir svært motivert av å løyse oppgåvene våre som sikrar optimal kraftproduksjon på ein god og trygg måte.
Kvifor velje oss?
Hjå oss får du ei variert og utfordrande arbeidskvardag, der du vil vere med på å sikre stabil og trygg energiproduksjon i heile vår portefølje. Du vil ha ansvar for drift og vedlikehald av kraftverk og reguleringsanlegg, frå vatnet i magasina til straumen som kjem ut på nettet. Arbeidet ditt vil inkludere både elektriske, mekaniske og bygningsmessige oppgåver. HMS er alltid vår første prioritet, og du vil vere sentral i å sikre at tryggleiksrutinar blir følgde. I tillegg vil du delta i prosjekt, enten som leiar eller som ein del av teamet, og bidra i vaktordningar ved behov.
Hjå oss vil du bli ein del av ei gruppe som
Er du klar for å bli med på laget? Me ser for oss at
Du er ein person som er påliteleg,strukturert og har høg gjennomføringsevne. Du blir motivert av å jobbe på tvers av ulike fagfelt, og har interesse for ny teknologi og gode løysingar. Det er viktig at du har ein aktiv haldning til HMS, og er stolt av faget ditt. Utover dette set me pris på at du er glad i samarbeid, og ønskjer å dele av din kunnskap.
Me ser også for oss at du har:
Ikkje nøl med å søkje sjølv om du ikkje oppfyller alle krava – me ser etter den rette personen, ikkje berre den rette CV-en! Me trur på at mangfald styrkar oss, og ynskjer alle kvalifiserte søkarar uansett bakgrunn og erfaring velkommen.
Ta gjerne kontakt med kraftverkssjef Bjarte Haugen på tlf. nr. 413 24 789 om du har spørsmål om stillinga.
Før me ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil me gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.