Fagarbeidar Luster bhg. Bilde

Fagarbeidar Luster bhg.

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Luster kommune Luster Fulltid

På grunn av stor søknad til suppleringsopptaket treng me å utvide kapasiteten i Luster oppvekstsenter barnehage. Me treng difor fleire tilsette.

Vår barnehage har 48 plassar fordelt på 3 avdelingar.

Fokusområder hjå oss er inkluderande leikemiljø, fysisk og psykisk helse samt friluftsliv.
Det er ca 20 tilsette ved oppvekstsenteret, ca 9 av dei i barnehagen.

Barnehagen deltek i eit toårig kompetanseutviklingstiltak, ReKom, i samarbeid med HVL. Skulen deltek i eit toårig kompetanseutviklingstiltak, DeKom, i samarbeid med HVL.

Oppvekstsenteret ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden. Me har fleire fine turområder nær oss, eit godt fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar.

Vår visjon:

Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.

Stillingsinformasjon:

  • 100 % fast stilling som fagarbeidar. Oppstart: Snarast mogleg!

Kvalifikasjonskrav:

Utdanning som fagarbeidar i barn- og ungdomsfaget, og gjerne relevant erfaring.

Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på er:

  • gode samarbeidsevner
  • tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
  • vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
  • likar å vera ute
  • har god leikekompetanse
  • er ansvarsfull og lojal
  • er ein bidragsytar for å utvikle barnehagen vidare

Menn vert oppmoda om å søkja.

Me kan tilby:

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar:

  • Tilsette må levere politiattest
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Luster kommune Kulturbilde