
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Fagansvarlig bærekraft | Norway's best AS | Voss herad, Aurland, Bergen | Fulltid |

Norway’s Best søkjer ein engasjert og fagleg trygg fagansvarleg berekraft som vil omsetje strategi til handling – og gjere berekraft til ein naturleg del av kvardagen vår. Dette er ei rolle for deg som ønskjer å skape reell påverknad i eit ambisiøst konsern i vekst – midt i hjartet av norsk reiseliv.
Som fagansvarleg berekraft får du ei nøkkelrolle i utviklinga av berekraftige reisemål, produkt og prosessar. Du blir ein sentral ressurs i eit konsern som satsar offensivt på grøne løysingar – frå nullutsleppstransport og lokalmatkonsept, til meir miljøvennleg drift i fjord- og fjellregionane.
Rolla er fagleg-operativ og administrativ, og fungerer som eit bindeledd mellom strategi og praksis. Du skal sikre struktur, framdrift og kvalitet i berekraftsarbeidet, samstundes som du bidreg til engasjement, kompetanse og felles retning. Her får du jobbe tett med leiarar og kollegaer på tvers av selskapet – med høve til å påverke, utvikle og setje spor etter deg.
Du har relevant høgare utdanning og erfaring frå operativt berekraftsarbeid i større verksemd eller offentleg sektor. Du er strukturert, relasjonssterk og løysingsorientert – ein person som får ting til å skje, men som òg evnar å lytte, engasjere og skape forståing. Du har god kjennskap til relevante sertifiserings- og rapporteringsordningar, og trivst i ein rolla som er både rådgjevande og koordinerande.
Ei spennande stilling i eit ambisiøst og dynamisk selskap som engasjerer seg for menneske og samfunn. Hjå oss blir du del av eit stolt kollegium i ei av Noregs leiande reiselivsbedrifter med gode moglegheiter for både fagleg og personleg vekst. I Norway’s Best er mangfald og inkludering viktige delar av kulturen. Hjå oss kan du vere deg sjølv, stille spørsmål og bli sett og respektert for den du er.
Nokre av våre gode:
Stad: Flåm / Voss / Bergen
Stilling: Fast, 100 %
Avdeling: Kommunikasjon og strategi
