Er du vegplanleggar? Sjå her! Bilde

Er du vegplanleggar? Sjå her!

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vestland fylkeskommune Sogndal Fulltid

Me søkjer to dyktige vegplanleggarar, som vil vera med å realisera dei spennande planleggingsoppgåvene me har i Vestland.

Me har ledig ei fast stilling og eit vikariat på 1år med moglegheit for forlenging og fast tilsetting.

Arbeidsstad er Leikanger eller Bergen.

Arbeidsoppgåver

Som vegplanleggar hjå oss får du moglegheit til å utvikla framtidas infrastruktur i Vestland!

Du vil bli ein del av eit stort og veletablert fagmiljø innan veg og vil jobbe med vegplanlegging i planleggingsfase (forprosjekt, kommunedelplan, reguleringsplan). Me har stor variasjon i både størrelse og kompleksitet i våre prosjekt og kan love deg ein spennande og variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Typiske arbeidsoppgåver vil være:

  • Modellbasert veg, tunnel- og gateplanlegging

  • Koordinering og samarbeid med andre fag i tverrfagleg prosjektgruppe

  • Fagleiing i prosjekt

  • Kvalitetsikring av leveransar

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan fagområdet frå høgskule/universitet

  • Min. 3 år relevant erfaring med vegplanlegging

  • Erfaring med modellbaserte prosjekt

  • Erfaring med bruk av Novapoint, AutoCAD, Trimble Connect

  • Likar å ta ansvar og kan jobbe sjølvstendig

  • Har god formidlingsevne og gode norskkunskapar, både skriftleg og munnleg

  • Har gode samarbeidsevner og er ein god lagspelar

  • Vil både lære og dele kunnskap

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i ein framoverlent organisasjon der du kan vera med å setta preg på utviklinga i Vestland fylke

  • Eit inkluderande og sterkt fagmiljø

  • Fagleg utvikling - moglegheit for videreutdanning

  • Varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver

  • Fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor for ein enklare kvardag

  • Attraktive pensjons- og forsikringsordningar

  • Løn etter avtale

  • Moderne og trivelige kontorfasiliter

Hos oss kan du forme samfunnet rundt deg! Vi tilbyr deg en plass i ein organisasjon med eit sterkt fagmiljø som er opptekne av å ha kollegaer som trivs saman. Slik får vi det beste ut av kvarandre og skapar engasjement!

Anna informasjon
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd).

Om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.