Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Lotteri- og stiftelsestilsynet | Sunnfjord | Fulltid |
Er du revisor, økonom eller jurist? Vi ser no etter to dyktige kollegaer til faste stillingar på avdelinga for frivilligheitsstøtte.
Som den største tilskotsforvaltaren for frivillig sektor fordelte vi i 2022 rundt 3,7 milliardar kroner gjennom tilskotsordningane våre. Mellom anna har vi ansvar for momskompensasjonsordninga til frivillige lag og organisasjonar, straumstøtteordninga til frivillig sektor og tilsyn med Grasrotandelen hos Norsk Tipping.
Vi er ein gjeng på 18 personar, som bidrar med alt frå å gi innspel i regelverksarbeid til Kultur- og likestillingsdepartementet, dei tekniske løysingane i søknadsskjemaa og for fagsystema våre, saksbehandling søknadar og å gjennomføre utbetalingar. No treng vi påfyll av kompetanse for å sikre at vi held fram med å levere på vårt viktige samfunnsoppdrag: å sikre ei sterk frivilligheit.
Har du spørsmål eller berre lyst til å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.
Vi har ulike oppgåver på avdelinga, og oppgåvefordelinga blir tilpassa kompetanse og behov, men arbeid med risikovurdering og internkontroll er sentralt for alt arbeidet vårt. Her er noko av det du vil kunne jobbe med:
I tillegg er det ein fordel med:
Vi trur du er ein engasjert og strukturert person som ønsker å ta del i arbeidet med å sikre ei sterk frivillighet. Du er initiativrik og oppteken av å skape gode resultat både aleine og i samarbeid med andre.
Personlege eigenskapar blir vektlagt i stillinga.
Hos oss får du rammer som sikrar deg ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, og dessutan moglegheit for å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr mellom anna at du får ei av Norges beste pensjonsordningar.
Vi veit at mange ønsker seg ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt legge til rette for.
I Lotteri- og stiftelsestilsynet er vi ei god blanding av nytilsette og rutinerte, tilflyttarar og folk som kjem frå området. Det skaper god dynamikk, og ikkje minst bidrar det til at vi lærer mykje av kvarandre. Vi har kantineordning, treningsrom i bygget, og treningstimar for våre tilsette på treningssenter.
Verdt å merke seg
Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.
Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.