Lotteri- og stiftelsestilsynet Hovedbilde

Er du vår nye jurist, revisor, økonom eller samfunnsøkonom?

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Fulltid
Lotteri- og stiftelsestilsynet Logo

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Postboks 800
6805 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Siw Heggedal Longvastøl
90074974

Søknadsfrist

11. september 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vil du jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag i ein god balanse mellom jobb og fritid? Då passar du inn hos oss.

Stiftelsestilsynet ønsker no tre nye dyktige og engasjerte kollegaer. Vi ser etter deg som har erfaring med revisjon/reknskap, jus eller økonomi, og som vil vere med på å drive og utvikle vårt tilsynsarbeid.

Stiftelsestilsynet bidrar til forsvarleg forvaltning av norske stiftelsar. Det ligg store verdiar i stiftelsar og målet er at mest mogeleg av desse midlane skal gå til formåla. Stiftelsane deler ut om lag 6 milliarder i året og har mange tusen frivillige og tilsette.

Arbeidet vårt er i spenningsfeltet mellom økonomi og jus. Det er rundt 6400 stiftelsar i Norge, og dei driv innan alle typar bransjar og formål. Vi jobbar difor breitt med oppdraget vårt ved å:

  • Utøve rettleiing og ha dialog med styra i stiftelsane.
  • Samarbeide med andre organisasjonar og offentlege organ på nasjonalt, nordisk og europeisk nivå.
  • Bidra med kunnskapsbygging og informasjonsformidling.
  • Behandle søknader knytt til oppretting og endring av stiftelsar.
  • Føre tilsyn og kontroll med at stiftelsar etterlever regelverket, og at dei forvaltar midlane i tråd med formålet.

Arbeidsoppgåver

Revisor vil ha ei viktig rolle i arbeidet med å betre korleis vi jobbar med risikoanalyse, og du vil vere ei økonomifagleg tyngde inn i tilsynslaget. Alle stiftelsar har revisor og det er viktig å utvikle samarbeidsflatene inn mot denne bransjen.

Jurist vil bistå i arbeidet med å avklare problemstillingar som ligg mellom ulike regelverk for alle våre fagområde, samt delta i planlegging og gjennomføring av tilsyn.

Økonom/Samfunnsøkonom vil vere særleg sentral i arbeidet med statistikk og samanstilling av data, og i arbeidet med undersøkingar. Du vil også jobbe tett med blant anna ein samfunnsvitar.

Har du lyst til å høyre meir om arbeidet? Ring oss, vi fortel gjerne om jobbane.

Kvalifikasjonskrav

  • Mastergrad innan rettsvitskap, revisjon eller økonomi. Relevant erfaring og bachelorgrad kan kompensere for kravet om mastergrad.
  • Erfaring frå arbeid som jurist, revisor eller anna økonomistilling.


I tillegg er det ein fordel med:

  • Erfaring frå privat revisjon, forvaltningsrevisjon eller tilsyn i offentleg etat.
  • Erfaring med selskapsrett.
  • Erfaring frå rettleiing og formidling.
  • Erfaring med risikoanalyse og internkontroll.
  • Erfaring med statistikk og analysearbeid.

Om deg

Vi ser etter deg som gjerne har nokre års fartstid som jurist, revisor eller anna økonomistilling. Vi er opptatt av at du skal passe godt inn hos oss, difor er det viktig at du samarbeider godt med andre. Store deler av arbeidet vårt er informasjons- og formidlingsarbeid. Gode kommunikasjonsevner kjem difor godt med i jobben. Du er glad i jobbe både strukturert og analytisk, og er open for å prøve deg på ulike oppgåver.

Vi tilbyr

  • Fleksitid.
  • Moglegheit for heimekontor.
  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn.
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag.
  • Gode velferdsordningar og generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gir gunstige pensjons- og lånevilkår.
  • Betalt overtid.
  • Trening i arbeidstid.
  • Lunsjordning.
  • Sommartid.
  • Moderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom.

Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde