Lotteri- og stiftelsestilsynet Hovedbilde

Er du vår nye jurist?

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Fulltid
Lotteri- og stiftelsestilsynet Logo

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Postboks 800
6805 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Siw Heggedal Longvastøl
900 74 974

Søknadsfrist

16. april 2023 Søk på stillinga her

Vil du jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag i ein god balanse mellom jobb og fritid?
Då vil vi gjerne sjå namnet ditt i søknadsbunken.

No har vi to ledige stillingar ved Stiftelsestilsynet for deg som er utdanna jurist. Éi fast stilling og eit årsengasjement.

Kvart år gir norske stiftelsar fleire milliardar kroner tilbake til samfunnet. Stiftelsestilsynet si oppgåve er å føre tilsyn og rettleie dei, slik at dei på best mogleg måte kan jobbe for formålet dei har satt.

Sakene vi behandlar reiser spennande og kompliserte rettsspørsmål på lovområder som ikkje så mange kjenner til. Regelverka er utfordrande, og du vil bli viktig i arbeidet med å utvikle praksis saman med dyktige kollegaer.

Du vil bli ein del av eit team på 16 personar på Stiftelsestilsynet. Gjennom arbeidsdagane har vi mange gode diskusjonar, og vi er gode på å hjelpe og lære av kvarandre.

Arbeidsoppgåver

  • Rettleiing og dialog med brukarar og andre aktørar.
  • Behandle søknadar.
  • Vere med å utvikle fagområde.
  • Kunnskapsbygging og formidling.
  • Delta i anna arbeid ved avdelinga etter behov.

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i rettsvitskap / cand.jur.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

I tillegg er det ein fordel med

  • Kjennskap til og forståelse for saksbehandling
  • Erfaring frå kunde/brukardialog

Personlege eigenskapar

  • Du tek initiativ, løyser problem og samarbeider godt med andre.
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner
  • Du er strukturert og tenker heilskapleg

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.

Kvifor skal du velge oss?

Hos oss får du rammer som sikrar deg ein god balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, og dessutan moglegheit for å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr mellom anna at du får ei av Norges beste pensjonsordningar.

Vi veit at mange ønsker seg ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt legge til rette for. I Lotteri- og stiftelsestilsynet er vi ei god blanding av nytilsette og rutinerte, tilflyttarar og folk som kjem frå området. Det skaper god dynamikk, og ikkje minst bidrar det til at vi lærer mykje av kvarandre. Vi har kantineordning, gratis parkering i parkeringskjellar, treningsrom i bygget, og treningstimar for våre tilsette på treningssenter.

Verdt å merke seg

Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.
Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Synest du dette høyrest interessant ut? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss, vi fortel gjerne meir om desse spennande arbeidsoppgåvene.

Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde