Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
NAV Økonomiteneste | Fulltid |
Ynskjer du å jobbe med økonomi i eit stort og framtidsretta fagmiljø? No har du sjansen til å bli ein del av NAV Økonomiteneste på Leikanger.
NAV Økonomiteneste er ein intern tenesteleverandør for lønns- og rekneskapstenester til NAV. No styrkar vi laget med ei fast stilling i seksjon for Bestilling og faktura, samt moglegheit for inntil to mellombelse stillingar.
Økonomiområdet i NAV er i stadig utvikling, og vi har nyleg teke i bruk fleire nye digitale løysingar, for å utføre oppgåvene meir effektivt og auke kvaliteten på tenestene våre. Både bestillingsløysinga og fakturaløysinga vår er døme på dette. Vi har og ei viktig rolle med å jobbe forebyggande og gjennomføre analysar for å sikre god rekneskapskvalitet i heile etaten. Samtidig førebur vi oss på å ta i bruk statlege rekneskapsstandardar (SRS) noko som skal gjennomførast dei kommande åra.
Seksjonen har spennande oppgåver innan bestilling og faktura for heile NAV som etat. I tillegg kan det verte aktuelt med andre arbeidsoppgåver i NAV Økonomiteneste, som til dømes utbetaling av stønader, avstemmingar og rapportering til statsrekneskapet, samt andre rekneskapsoppgåver etter behov.
Oppgåvene dine vil kunne endre seg ut frå dine interesser og vårt behov for din kompetanse.
Vi ønskjer at du har god økonomiforståing og kjennskap til statleg regelverk på området.
Du er velkomen til å søke både som nyutdanna eller om du har lang arbeidserfaring. Motivasjon for stillinga og personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Du får god opplæring og ein fadder som passar på at du finn deg til rette både fagleg og i arbeidsmiljøet.
Kven er vi?
NAV Økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle NAV sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 560 mrd. kroner i årlege ytingar, samt rettleiing for etaten sine 22 000 tilsette. NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 95 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.
Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger
Arbeidsgiver: NAV
Referansenr.: 4838043287
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 25.08.2024