Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
NAV Økonomiteneste | Sogndal | Sommerjobb |
Vi har ledige stillingar som sommarvikarar på NAV Økonomiteneste (ØT) i perioden 10.06.24 til 09.08.24, med moglegheit for forlenging før og/eller etter. Vi utfører landsdekkande økonomitenester for NAV, med ansvar for både rekneskap, lønn, utbetalingar frå NAV og intern brukarstøtte på økonomiområdet. I tillegg til dagleg drift jobbar vi med utvikling og automatisering av økonomiprosessar. Vi har difor eit breitt spekter av spennande arbeidsoppgåver du kan bryne deg på – avhengig av kva fagleg bakgrunn du har.
Vi treng deg i hovudsak til å utføre dei løpande oppgåvene under ferieavviklinga. I tillegg har vi god erfaring med at sommarvikarane bruker sin ferske kunnskap til meir enn dagleg drift. Vikarane jobbar saman om ei utviklingsoppgåve, som utviklar både dei og oss, og skapar samhald i vikargruppa. Vi trur det gir ein ekstra dimensjon til sommaren hjå oss.
NAV Økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle NAV sine statlege einingar. Dette inneber blant anna utbetaling av 560 mrd. kroner i årlege ytingar og rettleiing for NAV sine 22 000 tilsette. NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Vi er 90 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.