
| Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|
| Nav økonomiteneste | Sogndal | Sommerjobb |

Vi har inntil fire ledige stillingar som sommarvikar på Nav økonomiteneste (ØT) i perioden 08.06.2026 til 14.08.2026, med moglegheit for forlenging eller tidlegare oppstart. Vi utfører landsdekkande økonomitenester for Nav, med ansvar for både rekneskap, lønn, bestilling og faktura, utbetalingar frå Nav og intern brukarstøtte på økonomiområdet. I tillegg til dagleg drift jobbar vi med utvikling og automatisering av økonomiprosessar. Vi har difor eit breitt spekter av spennande arbeidsoppgåver du kan bryne deg på – avhengig av kva fagleg bakgrunn du har.
Vi treng deg i hovudsak til å utføre dei løpande oppgåvene under ferieavviklinga. I tillegg har vi god erfaring med at sommarvikarane bruker sin ferske kunnskap til meir enn dagleg drift. Vikarane jobbar saman om ei utviklingsoppgåve, som utviklar både dei og oss. Vi trur det gir ein ekstra dimensjon til sommaren hjå oss!
Kven er vi?
Nav økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle Nav sine statlege einingar. Dette inneber blant anna utbetaling av 716 mrd. kroner i årlege ytingar og rettleiing for Nav sine 22 000 tilsette. Nav Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i Nav. Vi er 100 tilsette fordelt på sju seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.
#sommarjobbivest #sommarjobb #sommerjobbivest
