Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Er du helsefagarbeidar? Vil du arbeide i vakre Stad kommune? | Stad kommune | Stad | Fulltid |
Er du helsefagarbeidar og på utkikk etter nye utfordringar ? Sjå her!
Stad kommune ved Seljetunet omsorg og rehabilitering har ledig 2 stk 100% faste stillingar frå snarast.
Stillingane inkluderar 20% frie timar og det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i forhold til planlegging av arbeidstid. Stillingane har i hovudsak tredelt turnus og arbeid tilsvarande kvar 3.helg. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon.
Seljetunet omsorg og rehabilitering har totalt 48 plassar der 32 plassar er avsett til langtidsopphald i institusjon og 16 plassar er bemanna omsorgsbustader.
Ein har tre avdelingar for langtidsopphald, der den eine avdelinga er spesielt tilpassa bebuarar med behov for skjerming i kvardagen. Ein har i tillegg 6 senger til avlastingsopphald og korttidsopphald.
Seljetunet har hovudkjøkken som leverer mat til Seljetunet og til heimebuande i ytre del av Stad kommune.
Vi er opptekne av å utvikle tenestene i tråd med nasjonale føringar for morgondagens eldreomsorg. Vi arbeider målretta med kompetanseutvikling og eit best mogleg arbeidsmiljø for våre tilsette og legg vinn på god livskvalitet for bebuarane.