Sognekraft AS Hovedbilde

Ønskjer du nye utfordringar og jobbe med fornybar energi?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Energioperatør Sognekraft AS Sogndal Fulltid
Sognekraft AS Logo

Sognekraft AS

Røysavegen 1
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Bjarte Haugen
413 24 789

Søknadsfrist

15. september 2022

Om stillinga

Vedlikehaldsgruppa held til i Årøy i Sogndal. Dei har for tida høg aktivitet og har auka tal kraftverk med ansvar for vedlikehald. Det elste kraftverket er frå 1944, medan dei nyaste kraftverka vart sett i drift i 2022. Det er stor variasjon i produksjonsvolumet til kraftverka. Meir arbeid gjer at vi må utvide vedlikehaldsgruppa med ein fagarbeidar energioperatør.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre vedlikehaldsoppgåver på vasskraftverk og fjordenergianlegg
  • Sikre at kraftverka er driftsklare, inkludert kontroll og feilretting
  • Arbeide og ivareta tryggleiken på arbeidsstaden (LFS/AFA)
  • Arbeide på alle komponentar på energi- og kraftanlegg
  • Skape godt forhold mellom partnarar/kundar og Sognekraft

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev energioperatør eller energimontør, og førarkort kl. B
  • Nyutdanna kan vere aktuelle kandidatar, men du har gjerne med nokre års erfaring i relevant arbeid
  • God forståing for elektro- og maskinfaget gjennom utdanning og erfaring.

Om deg

  • Du samarbeidar godt, jobbar sjølvstendig og effektivt.
  • Du likar travle kvardagar med ansvar og krav til samarbeid.
  • Du jobbar strukturert og har ordenssans.
  • Arbeidet er svært variert og det er ein fordel å vere i god form og like fysisk aktivitet.

Vi tilbyr

Utfordrande og variert arbeidskvardag.