Energimontørar Bilde

Indre Hordaland KraftNett søker energimontørar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Energimontørar Indre Hordaland KraftNett Ullensvang Fulltid
Indre Hordaland KraftNett Logo

Indre Hordaland KraftNett

Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Øyvind Svartveit
454 11 210

Søknadsfrist

10. juli 2026

Vil du vere med å halde straumen i gang, midt i det vakraste Vestland har å by på?

Hos Indre Hordaland KraftNett (IHK) får du ein kvardag ute i naturen, eit sterkt fagmiljø og kollegaer som støttar kvarandre. No søker vi energimontørar til Jondal-området.

Kvifor bli ein av oss?

Straum er kritisk infrastruktur for lokalsamfunnet, og noko du som energimontør verkeleg får eigarskap til. Her får du variert arbeid – frå feilsøking og beredskap til nybygg på fjell og store utbyggingsprosjekt – og ein reell påverknad på utviklinga av straumnettet i regionen. Som Ingvald Aarsand, energimontør med over 30 års erfaring hos IHK seier:

«Har du bygd det sjølv, så kjenner du det. Ingen kjenner det betre enn deg. Og det er ein stor fordel når du skal ut og reparere det».

No skal vi i gang med fleire utbyggingsprosjekt som utan samanlikning blir dei største prosjekta i selskapet si historie. For deg som har lyst til å vere med å byggje noko og utfordre deg sjølv, vil du få ei kjempeanledning til det her. Ikkje minst får du ein arbeidsplass der folk stiller opp for kvarandre, både på jobb og på fritida:

«Det er lett å lika seg her. Er du i ein situasjon der du treng hjelp, er det aldri noko problem. Du kan ringe kven som helst og dei stiller opp».
- Ingvald

Ein kvardag litt utanom det vanlege

Som energimontør hos oss jobbar du langs fjordar, i bratt terreng og høgt til fjells, ofte med utsikt andre må på tur for å oppleve. Arbeidskvardagen din vil bestå av:

  • Bygging, drift og vedlikehald av høg- og lågspenningsnett
  • Linje-, kabel- og stasjonsarbeid
  • Feilsøking og reparasjon når straumen må tilbake raskt
  • Skogrydding og anna arbeid utandørs, i all slags ver

Vi må seie det som det er: vi er på Vestlandet. Det betyr at du må ut i dårleg ver og jobbe på rasutsette stader. Men du får også opplevingar og meining som få andre jobbar gir.

Kven ser vi etter?

Du er gjerne energimontør, men vi er også opne for deg som er elektrikar og vil ta eit ekstra fagbrev som energimontør. Det viktigaste er at du har interesse for faget og ønskjer å utvikle deg vidare.

Vi trur du:

  • Tek ansvar og jobbar trygt
  • Likar samarbeid, men står også støtt åleine
  • Er løysingsorientert og trivst godt ute

Førarkort klasse B er nødvendig.

Beredskap og fri: Ein god balanse

Du blir ein del av vaktordninga vår (ca. kvar 5. veke), som gir betalt for å vere i beredskap dersom noko skulle skje på straumnettet. Til gjengjeld får du godt med avspasering i etterkant, ofte opp mot fleire veker i året.

Når uvêret verkeleg kjem, er det «alle mann til pumpene». Og det er nett då samhaldet vårt viser seg best.

Livet i Jondal

På grunn av beredskap treng vi at du er busett i Jondal-området, eller ønskjer å flytte hit. Jondal er ei idyllisk fjordperle i Hardanger med kort veg til Bergen, Folgefonna rett i nærleiken og gode moglegheiter for både friluftsliv, jakt og ski. Her er skule, barnehage og kort veg til Odda med vidaregåande skule, næringsliv og ulike reiselivsaktivitetar.

Dersom du kjem flyttande hit åleine, kan vi bistå med enkel bustad på arbeidsplassen i oppstarten for å hjelpe deg i gang.

Dette får du hos oss:

  • Montørbil og betalt telefon
  • Konkurransedyktig løn og svært god pensjonsordning
  • Vaktordning med god fritidskompensasjon
  • Sterkt fagmiljø og moglegheit til å spesialisere deg om du ønskjer
  • Sosialt miljø med utanlandsturar, julebord og felles opplevingar
  • Ein trygg jobb i ein bransje som berre blir viktigare

Klar for å bli med?

Straum treng vi meir av, ikkje mindre. Det betyr spennande oppgåver og ei trygg arbeidsframtid for deg som vel denne jobben. 

Send søknad og CV til post@ihk.no.

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss:
Øyvind Svartveit – 454 11 210 / oyvind.svartveit@ihk.no
Geir Utne – 907 90 220 / geir.utne@ihk.no

Arbeidsstad: Primært Jondal og vestsida av Sørfjorden (oppmøtestad vil variere i tråd med arbeidsoppgåver).

Om Indre Hordaland KraftNett

Vi er eit nettselskap som opererer i kommunane Ullensvang (gamle Ullensvang herad og Jondal), Eidfjord, Ulvik og delar av Voss (gamle Granvin kommune). Vi er totalt rundt 20 energimontørar på tvers av lokasjonane, i tillegg til lærlingar og kontortilsette. Våre tilsette har god spreiing i alder, frå lærlingar til dei med nesten 40 års erfaring. Det gjer dette både til ein god plass å lære og utvikle seg, og ein god plass å bli verande. 

Indre Hordaland KraftNett Kulturbilde