
Indre Hordaland Kraftnett er eit nettselskap som opererer i kommunane Ullensvang (gamle Ullensvang herad og Jondal), Eidfjord, Ulvik og delar av Voss (gamle Granvin kommune).
Vi er totalt rundt 20 energimontørar på tvers av lokasjonane, i tillegg til lærlingar og kontortilsette. Våre tilsette har god spreiing i alder, frå lærlingar til dei med nesten 40 års erfaring. Det gjer dette både til ein god plass å lære og utvikle seg, og ein god plass å bli verande.
Straum er kritisk infrastruktur for lokalsamfunnet, og noko du som energimontør verkeleg får eigarskap til. Her får du variert arbeid – frå feilsøking og beredskap til nybygg på fjell og store utbyggingsprosjekt – og ein reell påverknad på utviklinga av straumnettet i regionen. Som Ingvald Aarsand, energimontør med over 30 års erfaring hos IHK seier:
«Har du bygd det sjølv, så kjenner du det. Ingen kjenner det betre enn deg. Og det er ein stor fordel når du skal ut og reparere det».
No skal vi i gang med fleire utbyggingsprosjekt som utan samanlikning blir dei største prosjekta i selskapet si historie. For deg som har lyst til å vere med å byggje noko og utfordre deg sjølv, vil du få ei kjempeanledning til det her. Ikkje minst får du ein arbeidsplass der folk stiller opp for kvarandre, både på jobb og på fritida:
«Det er lett å lika seg her. Er du i ein situasjon der du treng hjelp, er det aldri noko problem. Du kan ringe kven som helst og dei stiller opp».
- Ingvald
