Sogn og Fjordane Energi Hovedbilde

Energimontør regionalnett

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sogn og Fjordane Energi Gloppen Fulltid
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Tove Søreide
93812685

Søknadsfrist

20. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Linja AS er nettverksemda i energikonsernet Sogn og Fjordane Energi. Vi er kring 140 medarbeidarar som jobbar med utvikling drift og vedlikehald av straumnettet i regionen. Linja har eit vidstrakt nett på kring 4000km. Selskapet har omfattande nybyggjingsaktivitet, og jobbar målretta med å utvikle framtidas nett- og systemløysingar.

Som medarbeidar i Linja AS har du jobb som gir meining. Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga.

Eit robust straumnett er nødvendig for å frakte straumen sikkert og effektivt ut og fram til kundane våre. Eit aukande behov for straum i framtida og mål om å bytte ut fossile energikjelder med fornybar energi gjer straumnettet til ein kritisk infrastruktur for utvikling av samfunnet.

Linja har stor nybyggingsaktivitet i tilknytning til den auka elektrifisering av samfunnet og ny produksjon av ny fornybar energi. Del av dette er å utvikle framtidas smarte nettløysingar. Dette samtidig som vi må drifte og vedlikehalde eksisterande nett for å sikre ei trygg straumforsyning. Vi har eit godt fagmiljø med brei og variert kompetanse innan bygging og drift av vårt samfunnskritiske nett.

Arbeidsoppgåver

  • Som energimontør i vår gruppe vil du jobbe med drift og vedlikehald på Linja sitt overordna regional og sentralnett.
  • Delta i våre nybyggings- og rehabiliteringsprosjekt
  • Feilretting, utskifting av komponentar i kraftnettet
  • Delta i inspeksjonar, tilsyn og befaringar

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev som energimontør.
  • Erfaring med linjearbeid.
  • Andre fagbrev innan elektrofag vil bli vurdert. Dette med mål om å ta fagbrev innan energimontørfaget.

Om deg

  • Ein person med godt humør og er i god fysisk form
  • Er fleksibel, tek initiativ og liker å stå på
  • Er oppteken av HMS og motivert for å vidareutvikle deg innan ditt fagområde

For å lykkast i stillinga bør du trivast med varierte arbeidsoppgaver, og er innstillt på ein del reise i arbeidet. Du må pårekne å måtte rykke ut på større feil og straumavbrot. Du viser gode haldningar til HMS og arbeider tråd med interne rutiner og instruksar. Du likar å ta ansvar og samarbeider godt med andre.

Vi tilbyr

  • 100% stilling, Fleksibel arbeidstid, konkurransedyktige vilkår
  • Fagleg og personleg utvikling i eit konsern i sterk vekst
  • Eit godt og uformelt arbeidsmiljø prega av kompetanse, ansvarlegheit og nyskaping
  • Et stadig aukande mangfald med omsyn til alder, kjønn og kulturell bakgrunn
  • Meiningsfull jobb innanfor fornybarnæringa
  • Gode offentlege tenester og ei mengde lokale tilbod innan kultur, sport og fritidsaktivitetar.
  • Gode transport forbindelsar med bil, buss og fly
Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde