Einingsleiar Luster omsorgssenter  Bilde

Einingsleiar Luster omsorgssenter

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Luster kommune Luster Fulltid

Omsorgstenesta i Luster har fem tenesteeiningar, og ei av desse er Luster omsorgssenter. Luster omsorgssenter har 30 sjukeheimsplassar for langtidsopphald, arbeidsstove/dagtilbod, 18 omsorgsbustadar - og yter heimetenester til heimebuande i indre delar av kommunen.

Omsorgssenteret har ei lang historie og vart fullrenovert i 2006. Det ligg naturskjønt ved Lustrafjorden i bygda Luster, og er kjend for å yte gode tenester. Organisatorisk er omsorgssenteret ei tenesteeining som for tida har om lag 42 årsverk og 67 tilsette. Einingsleiar er del av leiarkollegiet i omsorgstenesta, som har regelmessige møter.

Me søker ein motivert medarbeidar til denne viktige leiarstillinga.

Oppgåver:

  • Einingsleiar med samla ansvar for tenesteyting, økonomi og personale
  • Utøve eit tydeleg, synleg og inspirerande leiarskap
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av drifta
  • Systematisk arbeid for gode tenester og eit godt arbeidsmiljø
  • Sikre god og føremålstenleg bruk av ressursar innafor tildelte rammer
  • Kontinuerleg og systematisk arbeid med fag- og tenesteutvikling

Kvalifikasjonar:

  • Relevant helsefagleg utdanning på høgskule- og/eller universitetsnivå
  • Det er ein fordel med leiarerfaring og/eller vidareutdanning i leiing/administrasjon
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som evna til samarbeid, tydeleg leiing, fleksibilitet, arbeidskapasitet, struktur og gjennomføringskraft
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Søkarar må ha førarkort for personbil og det vert stilt krav om politiattest

Kommunen kan tilby:

  • Arbeid i ein veldrive kommune med gode- og sikre rammevilkår
  • Varierte, utfordrande og meiningsfulle oppgåver
  • Leiing av ei god teneste med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for leiarutvikling
  • Gode arbeidsvilkår med kommunale pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale

Søknad:

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet EasyCruit. Det er ikkje naudsynt å senda kopi av vitnemål, attestar m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast på førespurnad.

I søknadsskjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dette må grunngjevast. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren likevel kan verta offentleggjorde jf. offentleglova § 25. Du vil då bli varsla om dette på førehand.

Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk

Luster kommune Kulturbilde