Tenesteområde helse og omsorg har vært gjennom ein omorganisering for å styrke tenestilbodet vårt i framtida. Kommunen har innført eit nytt leiarnivå med mellom anna tenesteleiar for heimetenester og tenesteleiar for institusjon. Av to institusjonar er Kyrkjebø sjukeheim den minste med 24 einerom der 12 av desse er øyremerka brukarar med diagnosen aldersdemenes.
Vi har ledig 100% fast stilling som einingsleiar frå snarast. Stillinga inneber arbeid på dagtid.
Ansvar og arbeidsoppgåver:
- organisere og prioritere eininga sine tilbod og aktivitetar i samsvar med tenesteleiar sine prioriteringar
- nytte eininga sine tildelte ressursar innan prioriterte oppgåver.
- ha personalansvar for alle personalgrupper i eininga. Budsjettansvar eiga eining. Einingsleiar rapporterer til tenesteleiar.
- syte for at eininga sine gjeremål er kvalitetssikra gjennom rutinar for arbeidsfordeling, faglege og administrative prosedyrar og internkontroll.
- organisere og kvalitetssikre intern opplæring/undervisning som er fastlagd i planer og vedtak i Høyanger kommune.
- sikre at alle nytilsette får tilfredsstillande innføring i eininga sine faglege og administrative rutinar.
- rapportere driftsavvik i samsvar med Høyanger kommune sine rutinar og syte for naudsynte tiltak for å førebyggje driftsavvik.
- kjenne til og følgje gjeldande lov- og avtaleverk for arbeidslivet og Høyanger kommune sine personalpolitiske mål samt føre desse ut i praksis i avdelinga, herunder gjennomføre vedteke retningslinjer for HMT- arbeidet