Om stillinga
Tenesteområde helse og omsorg har vært gjennom ein omorganisering for å styrke tenestilbodet vårt i framtida. Kommunen har innført eit nytt leiarnivå med mellom anna tenesteleiar for heimetenester og tenesteleiar for institusjon. Høyanger sjukeheim har 5 bugrupper - der ei av gruppene er lukka for demente og ei er korttids-/rehabilitering. Sjukeheimen har 36 pasientar med totalt ca 40 årsverk.
Vi har ledig 100% fast stilling som einingsleiar frå snarast. Stillinga inneber arbeid på dagtid.
Arbeidsoppgåver
- organisere og prioritere eininga sine tilbod og aktivitetar i samsvar med tenesteleiar sine prioriteringar
- nytte eininga sine tildelte ressursar innan prioriterte oppgåver.
- ha personalansvar for alle personalgrupper i eininga. Budsjettansvar eiga eining. Einingsleiar rapporterer til tenesteleiar.
- syte for at eininga sine gjeremål er kvalitetssikra gjennom rutinar for arbeidsfordeling, faglege og administrative prosedyrar og internkontroll.
- organisere og kvalitetssikre intern opplæring/undervisning som er fastlagd i planer og vedtak i Høyanger kommune.
- sikre at alle nytilsette får tilfredsstillande innføring i eininga sine faglege og administrative rutinar.
- rapportere driftsavvik i samsvar med Høyanger kommune sine rutinar og syte for naudsynte tiltak for å førebyggje driftsavvik.
- kjenne til og følgje gjeldande lov- og avtaleverk for arbeidslivet og Høyanger kommune sine personalpolitiske mål samt føre desse ut i praksis i avdelinga, herunder gjennomføre vedteke retningslinjer for HMT- arbeidet
Kvalifikasjonskrav
- sjukepleiar eller anna relevant høgskule- eller universitetsutdanning på minimum bachelornivå.
- relevant leiarerfaring
Om deg
- gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
- tillitsskapande med høg integritet
- fleksibel og endringsorientert
- tydeleg og god på å prioritere
- god økonomiforståing
- engasjert og nytenkjande
- evne å motivere tilsette
Vi tilbyr
- interessante og spennande arbeidsoppgåver
- konkurransedyktig lønn
- deltaking i leiarutviklingsprogram som starte hausten 2022
- rettleiing
- flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
- hjelp til å skaffe kommunal bustad
- gode pensjons- og forsikringsordningar