Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Driftsoperatør fôringskontor | Osland Havbruk | Høyanger | Fulltid |
Osland søker driftsoperatør til fôringskontoret i Bjordal
Osland har 6 lokalitetar i Sognefjorden og ein lokalitet i Rogaland. Vi søker no etter deg som har interesse for biologi og ønsker å sikre optimal fôring av auren vår på kontoret i Bjordal. Dette er ein spennande kontorjobb kor du vil bidra til nøkkelprosessar i produksjonen som f.eks. fôring, fôrbestilling og å optimalisere produksjonen. Du vil også kunne vere med å påverke fôringsstrategiane til Osland Havbruk og delta i ei gruppe kor vi jobbar tett saman for å utvikle oss med ønsket om å bli best på fôring i landet.
Vi ser etter deg som er fokusert, opptatt av å skape gode resultat med teamet ditt og kommuniserer godt.
Søknader blir vurdert fortløpande
From the origin. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt
Osland-konsernet er eit av landets eldste akvakulturselskap og har hovudkontor i Bjordal, ved Sognefjorden. Vi har 67 tilsette og ei årleg omsetning på omlag 700 millionar kroner. Konsernet består av matfiskprodusenten Osland Seafood, driftsselskapet Osland Havbruk AS, genetikkselskapq Osland Genetics AS og Osland Genetics Leikanger AS og settefiskprodusenten Osland Settefisk AS. Saman utgjer dette ei heilskapleg verdikjede for Osland-auren.