Dansepedagog Stad kulturskule Bilde

Dansepedagog Stad kulturskule

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga


Stad kulturskule har ledig 70% fast stilling som dansepedagog frå 01.08.2023.

Vi søkjer deg som har høgare utdanning og/eller relevant erfaring innan dans, koreografi og pedagogikk.

Stillinga inneber undervisning i heile Stad kommune, det er difor eit krav at du har førarkort klasse B og at du disponerer bil.

Stad kulturskule er ein aktiv og synleg aktør i kommunen sitt kulturliv. Det er eit høgt fagleg nivå i kollegiet, og eit godt og kreativt arbeidsmiljø. Vi har eit utstrakt fagleg samarbeid i kollegiet og gjer større årvisse samarbeidsprosjekt med mellom anna Opera Nordfjord, Malakoff rockfestival og Eid Ungdomsskule. Dette gjer kulturskulen til ein spanande arbeidsplass.

No søkjer vi ein dyktig danselærar som kan vere med å skape entusiasme og oppslutning gjennom fagleg dyktigheit og positivt engasjement!

Arbeidsoppgåver

  • Undervising i grupper på aldersnivå frå 3 til 19 år
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk arbeid med elevar, frå nybyrjar til vidarekome nivå
  • Planlegging og gjennomføring av større og mindre danseframsyningar, samt anna kulturskulearbeid knytt til danseundervisninga og samarbeidsprosjekt
  • Moglegheit for dans og/eller koreografioppdrag for Opera Nordfjord og andre samarbeidspartnarar om søkjar har relevant kompetanse og kunstneriske ferdigheter

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning innan dans på høgskulenivå eller tilsvarande.
  • Relevant erfaring og personlege eigenskapar kan óg vektleggast.
  • Ynskjeleg med PPU eller anna pedagogisk utdanning.
  • Erfaring med undervisning av elevgrupper på ulikt aldersnivå vert vektlagt.
  • Førarkort klasse B og disponerer bil.

Om deg

  • du kan undervise enkeltelevar og grupper på ein fagleg god og inkluderande måte.
  • du har gode samarbeidsevner og bidreg sosialt og fagleg i kollegiet.
  • du er fleksibel og tek initiativ.
  • du er sjølvstendig og systematisk.
  • du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg.
  • du er dreven i bruk av digitale verktøy.

Vi tilbyr

  • Eit godt og kreativt arbeidsmiljø
  • Løn etter kommunal tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kultursjef Geir Holmen, tlf. 907 79 933 eller kulturskulerektor Benedikte Dæmring 411 63 174
Vi krev at søkjaren lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Oppmoding om unnatak må grunngjevast.