Vi søkjer Dagleg Leiar UWC Connect AS i 100 % stilling

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Dagleg leiar UWC Connect UWC Connect As Fjaler Fulltid
UWC Connect As Logo

UWC Connect As

Hauglandsvegen 304, 6968 Flekke, Norway
6968 Flekke
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Leonora Kleiven
414 48 297

Søknadsfrist

8. januar 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

UWC RKN ligg idyllisk plassert i Flekkefjorden i Vestland fylke, og er mellom anna finansiert av offentlege midlar frå dei nordiske landa. Tilsvarande dei andre UWC-skulane er UWC Røde Kors Nordisk sterkt knytta til UWC sin misjon, og har som mål å levere ei utfordrande og heilskapleg pedagogisk erfaring til eit mangfald av studentar, og vidare inspirere dei til å bidra til ei meir fredeleg og bærekraftig framtid. Oppdraget til UWC er å gjere utdanning til ei kraft for å foreine menneske. United World Colleges er ein unik organisasjon. Det er den einaste globale utdannings-NGO (Non-Govermental Organization) som samlar studentar fra heile verda. Desse er valt av sine eigne land ut frå eigne evne og forteneste, og uavhengig av evne til å betale for
seg. Skulen har omlag 65 tilsette og har to datterselskap, UWC Connect AS og Verdsgrenda Eigedom AS.


UWC Connect har ansvar for andre verksemdsaktivtetar som mellom anna leirskuleaktivitetar, sommarleirar og ulike grupper som besøker og får oppleve det unike miljøet på skulen, i tillegg til å inneha ansvaret for utandørsprogrammet ved UWC RKN. Connect har 3 heilårs tilsette og
fleire tilsette i høgsesong. UWC Connect skal vere den beste Møteplassen for Mangfald i den nordiske regionen ved å kople menneske frå heile verda saman gjennom unike (utandørs) opplevingar.


Connect-avdelinga held til i underetasjen av administrasjonsbygget, og er ansvarleg for all planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av ulike besøk til campus, i tillegg til å drive utandørsavdelinga ved UWC RKN. Vi har klart å halde kjerneaktiviteten høg til tross for vanskelege år med pandemi og vi ser no fram mot å utvikle aktivitetene vidare i samråd med eigar. Både innan besøksverksemd og innanfor utandørstenester har vi fleire spennande
prosjekt som vi skal arbeide med framover, og vi er no på jakt etter ein ny Dagleg Leiar med interesse og driv til å utvikle denne delen av verksemda vidare då noverande Dagleg Leiar har fått andre oppgåver ved UWC RKN.

Vi har positiv erfaring med at mangfald er ein styrke og som gjer at vi kan løyse oppgåveneenno betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar,livserfaring og perspektiv.


Søkjaren sin profil

Ei stilling ved UWC Røde Kors Nordisk og UWC Connect er ein unik moglegheit i eit unikt miljø og på ein unik stad. Du vil neppe finne liknande miljø med slik variasjon i mangfald, utfordringar og interessante oppgåver. Vi er eit fleirkulturelt samfunn, der alle har eit ansvar for studentaneog gjestane si velferd, utdanning og opplevingar, og der vi jobbar tett ilag. Det kan til tider vere krevjande, men er samtidig veldig gjevande. Connect har som mål å trekke til seg høgt kvalifiserte og erfarne tilsette, og for å lukkast i rolla er det viktige at du har gode haldningar og høg motivasjon, og at du er ein positiv rollemodell.


Viktige kvalifikasjonar

  • Master- eller Bacheleorgrad i økonomi, marknadsføring, prosjektleiing og/eller leiing.
    Lang relevant erfaring kan kompensere for kortare utdanning
  • Lederevne med kapasitet til å skape tillit og respekt hos kollegaer og eksterne partnarar
  • Interesse for og erfaring med friluftsliv
  • Glad i å jobbe med menneske og god på å sjå løysingar framfor problem
  • Kunne kommunisere godt på engelsk og norsk, både munnleg og skriftleg
  • Ei forståing for, og støtte til UWC sine verdiar og misjon.

Ansvar

Som Dagleg Leiar for UWC Connect skal du rapportere direkte til Rektor, og jobbe tett saman med External Relations leader og bidra til å oppfylle skulen og UWC Connect sine strategiske og økonomiske mål. Du er leiar for øvrige tilsette i UWC Connect og vil vidare arbeide tett med dei ulike støttefunksjonane hos UWC samt øvrige tilsette med leiarfunksjonar.

Hovedoppgåver

  • Ansvar for å fastsette selskapet sine mål og strategier i samråd med styret
  • Ansvar for å selskapet sin virksomhet, leiing og drift på dagelg basis, inkludert økonomi og oppfølging av dei tilsette i UWC Connect
  • Vidareutvikle UWC Connect som eit besøkssenter med eit høgt fokus på å levere gode tenester for gjestane med fokus på kvalitet og service
  • Utvikle unike program som også involverer studentar ved UWC RKN
  • Hovudansvar for utandørsavdelinga til UWC RKN og sørge for at HMS system er oppdatert og implementert
  • Bidra i strategisk arbeid og arbeid med forbetring av prosessar, samt støtte den sentrale leiinga gjennom deltaking i prosjekt

Sentrale arbeidsoppgåver for stillinga vil vere:

  • Utforske forretningsmuligheiter med forretningsplanar med mål om å auke aktivitet
  • Følge opp budsjett og rekneskap
  • Leie, motivere og inspire øvrige tilsette hos UWC Connect
  • Utvikle utdanningsprogram innanfor tenester som Connect tilbyr som involverer studentane ved UWC
  • Oppfølging av interne avtaler mellom selskapa
  • Jobbe tett saman med øvrige personar med leiarfunksjonar i UWC RKN.
  • Søke muligheiter for forbetring av alle Connect sin tenester; program, utandørsområdet, utstyr

Personlege eigenskapar

Det vil vere ynskjeleg og kjekt om du har alle eller fleire av desse eigenskapane:

  • Er høgt motivert og med evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Er utviklingsorientert, velorganisert og metodisk, sjølvstendig og likar å ta intitiativ.
  • Har gode kommunikasjonsferdigheter, er serviceinnstilt og god på å bygge relasjonar
  • Har evne til å tenke heilskapleg og strategisk
  • Har høg integritet og likar å jobbe i eit hektisk miljø med elevar og tilsette med ulik kulturell og etnisk bakgrunn, jamfør UWC sine verdiar og misjon

Kva kan vi tilby?

Vi er utan tvil den mest internasjonale arbeidsplassen og bumiljøet i vårt område. Du vil sjølvsagt ha tilgang til ein unik natur i alle himmelretningar, kjekke folk å drive aktivitetar i lag med, tilgang for deg og familien din i næraste nabo (Haugland Rehabiliterssenter) sine basseng og treningsfasilitetar og mange sosiale møteplassar for i løpet av året.
Vi er 18 skular som jobbar ilag på mange område og du vil få tilgang til eit internasjonalt nettverk på ditt fagområde. Vi jobbar stadig for å bli betre på personleg utvikling og at dei tilsette skal kunne ta del i kurs og utdanningsmoglegheiter.


Om du kan tenke deg ein spennande og utfordrande stilling med konkurransedyktige vilkår i eit entusiastisk miljø med høg kompetanse, så er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.


For spørsmål til stillinga, kontakt External Relations Leader Leonora Kleiven på tlf. 414 48 297.


Vi ber aktuelle søkjarar om å sende søknad og CV på e-post til appointments@uwcrcn.no.

Søknadsfrist er 08.01.2023.

Ein må legge fram Politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar før ein kan ta til i stillinga