Dagleg leiar for IKT Nordfjord Bilde

Dagleg leiar for IKT Nordfjord

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid
Stad kommune Logo

Stad kommune

Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Tom Joensen
47619641

Søknadsfrist

12. mars 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vil du vere med å vidareutvikle kommunesektoren i ein spanande region? I så fall kan dette vere stillinga for deg.

IKT Nordfjord er eit kommunalt oppgåvefellesskap mellom kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn. Selskapet skal gjennom målretta bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi bidra til utvikling av tenesteproduksjon, publikumsservice og administrative tenester i deltakarkommunane. Samarbeidet er delt i to einingar: ei strategieining (IKT strategi) og ei driftseining (Nordfjordnett), under leiing av eit representantskap, eit styre og ein dagleg leiar. Samarbeidet har to hovudkontor. Stad kommune er kontorkommune for dagleg leiar og strategieininga. Kinn kommune er kontorkommune for driftseininga. Stad kommune er formell arbeidsgjevar for dagleg leiar, men det utøvande arbeidsgjevaransvaret ligg hjå styret.

Vi søkjer etter ein initiativrik og sjølvstendig person som og er ein motiverande og operativ leiar for IKT-samarbeidet. Inkluderande leiarskap i eit kompetansetungt miljø og fokus på digital utvikling er sentralt for utviklinga av samarbeidet. Gode kommunikasjonseigenskapar og evne til å skape tillit er viktig. Du må vere resultatorientert og kunne arbeide strategisk

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift av oppgåvefellesskapet med økonomi- og personalansvar
  • Sakshandsaming for styret
  • Strategi- og utviklingsarbeid
  • Kontakt med samarbeidskommunane og andre samarbeidspartnarar
  • Prosjektleiing og kontraktsoppfølging

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Brei erfaring i bruk og utvikling av IKT-tenester
  • Erfaring frå offentleg verksemd vil vere ein fordel

Om deg

  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Har evne til å skape tillit, skape gode relasjonar og få til samarbeid
  • Har god digital forståing og forståing for samanheng mellom teknologi, organisasjon og menneske
  • Er strategisk, strukturert og målretta i arbeidet
  • Er initiativrik, sjølvstendig og motiverande

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle i utviklinga av ein framtidsretta kommunesektor
  • Ein utviklingsorientert organisasjon
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Konkurransedyktige vilkår - løn etter avtale
  • Flyttegodtgjersle om du vil flytte til kommunen vår

Heile kommunesektoren er i utvikling, noko som og påverkar støttefunksjonane. Det kan såleis bli aktuelt med organisatoriske endringar i oppgåvefellesskapet.

Stad kommune har 6 månader prøvetid. Attestar og vitnemål skal lastast opp saman med søknaden.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Dersom du har spørsmål om utlysninga kan du ta kontakt med Tom Joensen, styreleiar - 47619641 eller Åslaug Krogsæter, kommunedirektør Stad kommune - 90913333.