Norway's best AS Hovedbilde

Klar for å skape gode opplevingar i ein av Vestlandets flottaste fjelldestinasjonar?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bookingmedarbeider Norway's best AS Voss herad Fulltid

Er du klar for å bli en nøkkelperson i gjestekommunikasjon og service, og bidra til uforglemmelige opplevelser i en av Vestlandets mest dynamiske fjelldestinasjoner?

Myrkdalen Fjellandsby er kjent for snørike vintrar, familievennleg skikøyring og eit stort utval av aktivitetar året rundt. No søker vi ein bookingmedarbeidar som vil bli ein viktig del av gjestereisa vår – frå første kontakt til opphaldet er bestilt og klart.

Rolla passar perfekt for deg som likar struktur, service og kundekontakt, og som blir motivert av å hjelpe gjester med å planlegge minnerike dagar i fjellet.

Om jobben

Som bookingmedarbeidar blir du ein del av ein erfaren og triveleg gjeng som handterer alt frå individuelle bestillingar til pakkar, grupper og turoperatørar. Du vil rapportere til teamleder for resepsjon og booking, og jobbe tett med resepsjon, aktivitetsteamet og andre avdelingar for å sikre ei sømlaus oppleving for gjestene. Arbeidskvardagen er variert og dynamisk.

Du jobbar hovudsakleg på dagtid – og får ein kontorjobb med mykje menneskekontakt.

Arbeidsoppgåver

  • Svare på førespurnadar via telefon, e-post og bookingverktøy
  • Rettleie gjester om overnatting, aktivitetar og pakkeløysingar
  • Registrere, oppdatere og kvalitetssikre reservasjonar
  • Følgje opp grupper, turoperatørar og samarbeidspartnarar
  • Bidra til gode rutinar, struktur og effektiv drift

Vi ser etter deg som kjenner deg igjen i dette:

  • Serviceorientert, løysingsfokusert og glad i mennesker
  • Kommuniserer godt på norsk/skandinavisk og engelsk
  • Har god digital kompetanse og lærer nye system raskt
  • Har erfaring frå kundeservice, resepsjon, booking eller sal (fordel, ikkje krav)
  • Erfaring med HotSoft, Citybreak eller SuperOffice er ein fordel, men ikkje strengt nødvendig

Hjå oss får du:

  • Ein variert kvardag med mykje kontakt med gjester og kollegaer
  • Moglegheit for utvikling innan booking, salg, kundereise eller reiseliv
  • Arbeidsmiljø prega av trivsel, støtte og høg fagleg standard
  • Rabattar og fordelar på aktivitetar og opplevingar i Norway’s Best
  • Konkurransedyktige vilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass midt i fjellbygda – med naturen rett utanfor døra

Send inn CV og søknad innan 5. januar. Merk at det kan vere noko lengre svartid på eventuelle spørsmål i jula og romjula. Vi gler oss til å ta imot søknaden din, og ønskjer alle jobbsøkjarar ei riktig god jul og alt godt i det nye året!

Arbeidstad: Myrkdalen Hotel, Myrkdalen

Oppstart: Etter avtale


Norway’s best Group AS (NBG) er eit leiande norsk reiselivskonsern, med nokre av Norges mest spektakulære natur- og kulturbaserte reiseopplevingar i sin portefølje. Vår hovudaktivitet foregår i Flåm og Myrkdalen. Med fyrtårnprodukta Flåmsbana og UNESCO-området Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei mest populære reisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen har vi den største skidestinasjonen på Vestlandet. I tillegg har selskapet aktivitet i Aurland, Lærdal, Geiranger og Oslo.

NBG har ein omsetnad på vel 850 MNOK, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Konsernet eig Myrkdalen Fjellandsby, The Fjords og 50% av Flåmsbana. Gjennom dotterselskapet Norway’s best AS eig og driftar konsernet fire hotell, 14 restaurantar, to bakeri, i tillegg til Flåmsbanamuseet og Aurland Skofabrikk. Selskapet har også ein stor kommersiell avdeling som marknadsfører og seljer våre og andre aktørar sine produkt til gjester over heile verda.

I Norway’s best Group AS verdset vi naturen, miljøet og dei lokalsamfunna vi opererer i. Ved å gjere vårt ytterste for å redusere vår miljøpåverknad og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer vi å bidra til ei framtidsretta og berekraftig reiselivsnæring. Våre ansatte er kjernen i verksemda og vi ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.

Norway's best AS Kulturbilde