Bioingeniør/sjukepleiar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høyanger kommune Høyanger Fulltid
Høyanger kommune Logo

Høyanger kommune

Postboks 159
6991 Høyanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Dagleg leiar legeteneste Tonje Bjørkum Strandos
99121455

Søknadsfrist

8. januar 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Høyanger legeteneste består av eit hovudkontor som ligg sentralt i Høyanger sentrum. Legesenteret har òg to desentraliserte legekontor i Lavik og på Søreide, som er ope tre gonger i veka. Hovudlaboratoriet er plassert på Høyanger legekontor og vert i dag nytta av seks fastlegar, ein LIS1-lege og ein tilsynslege/helsestasjonslege.

Laboratoriet er moderne og velutstyrt, og er ein ressurs for legane, helsestasjon, heimesjukepleia og sjukeheimane, både i høve fagleg rettleiing og med utføring av prøvetaking. Per i dag har 3420 pasientar fastlege ved Høyanger legekontoret. I snitt vert det utført 6300 prøvetakingar og 10600 analysar ved laboratoriet.

Vi søkjer etter bioingeniør/sjukepleiar i 100% fast stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til opplæring, rettleiing og vedlikehald av kompetanse i laboratoriearbeid
  • Etablere og følgje opp kvalitetskontroll av laboratorieanalysane
  • Legge til rette for kvalitetsarbeidet vert dokumentert
  • NOKLUS-ansvarleg
  • Sørgje for vedlikehald av laboratorieutstyret
  • Følgje opp laboratoriefaglege avvik
  • Gje innspel til val av analysemetode/analyseutstyr
  • Innkjøp av forbruksmateriell

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisert bioingeniør eller sjukepleiar.
  • Gode norskkunnskapar

Om deg

  • Evne til å samarbeide, fleksibel og kunne arbeide sjølvstendig
  • Løysningsorientert , strukturert og nøyaktig.
  • Trivast med å arbeide i eit hektisk miljø.

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver.
  • Moderne og lyse lokale.
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • God pensjons- og forsikringsordning