Sunnfjord kommune Hovedbilde

Nyoppretta stilling som barnekoordinator i Sunnfjord kommune

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Barnekoordinator Sunnfjord kommune Sunnfjord Fulltid
Sunnfjord kommune Logo

Sunnfjord kommune

Hafstadvegen 42, rådhuset
6802 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Einingsleiar Gry Aase Alnes
+47 959 51 766

Søknadsfrist

3. september 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Sunnfjord kommune har samla sakshandsaming innan helse/omsorg i eit miljø – Tildelingseininga for helse- og omsorgstenester. Tildelingseininga er organisert under kommunalsjef for omsorg. Vi er tverrfagleg samansett med sjukepleiar, barnevernspedagog, sosionom, ergoterapeut og vernepleiar, til saman 10 årsverk. Eininga er for tida lokalisert i Rådhuset i Førde, og har ei sentral rolle i Sunnfjord kommune si tenesteyting.

Om stillinga

Frå 01.08.22 er det ein lovfesta rett til barnekoordinator for familiar som har, eller ventar barn med alvorlig sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og der barnet vil ha behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester. Vi har derfor ledig ei nyoppretta 100 % fast stilling som barnekoordinator ved Tildelingseininga i Sunnfjord kommune.

Ein barnekoordinator har som oppgåve å sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenestetilbodet som familien og barnet mottar. Vi ser etter deg som har erfaring frå arbeid med barn og unge med behov for koordinerte tenester. Rettleiing, oppfølging og samordning av tenestetilbod er blant kjerneoppgåvene, og du vil få moglegheit til å aktivt bidra i arbeidet med å utvikle denne tenesta.

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinering av det samla tenestetilbodet til barn med alvorlig sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne med behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester
  • Rettleie familie og barn i deira kontakt med ulike tenester
  • Bidra til eit smidig samarbeid mellom involverte instansar og sikre god informasjonsflyt mellom hjelpeinstansane, føresette og barnet
  • Ha oversikt over og kunnskap om det totale tenestetilbodet knytt til barn og unge, inkludert pasient- og brukarorganisasjonar
  • Delta i koordinerande team for barn og unge
  • Bidra aktivt til å ivareta kommunen sitt ansvar for nødvendig oppfølging og tilrettelegging for innbyggjarar i aktuell målgruppe

Vi søker etter deg som har:

  • bachelor i sosialt arbeid (sosionom) eller barnevernspedagog. Søkarar med anna relevant høgskuleutdanning innan helse og sosial kan også bli vurdert.
  • lang og brei erfaring i arbeid med barn og unge
  • gode norskkunskapar, både munnleg og skriftleg

Tverrfagleg vidareutdanning innan barn og unge vil vere ein fordel.

Vi legg særleg vekt på at du er personleg eigna og har:

  • god relasjons-, samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • evne til å motivere og å skape engasjement og tillit
  • initiativ og er fleksibel

Vi tilbyr:

  • varierte og utfordrande oppgåver i eit spennande og utviklande arbeidsmiljø
  • godt fagleg samarbeid
  • god pensjons- og forsikringsordning

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!