Lærdal kommune Hovedbilde

Barnehagelærar - 100 % fast stilling

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Barnehagelærar Lærdal kommune Lærdal Fulltid

Me søkjer to barnehagelærarar i faste stillingar for snarleg tiltreding

Lærdalsøyri barnehage er ein 7-avdelings barnehage, lokalisert i vakre omgjevnader sentralt på Lærdalsøyri. Barnehagen ligg i kort avstand til skule, bibliotek og idrettsanlegg, der me har fleire aktivitetar i veka. Me har for tida avdelingar for barn 1-2 år, 2-4 år og eiga avdeling for førskulegruppa 5-6 år. Det går om lag 90 born i barnehagen, og me er ca. 32 tilsette.

Lærdalsøyri barnehage har fokus på FN sine bærekraftsmål og korleis me saman kan forme framtidas miljømedvitne Lærdøler. Lærdal kommune si satsing «Grøne Lærdal» er gjennomgåande i vårt pedagogiske arbeid. Me har særskilt fokus på ein god overgang frå liten til stor avdeling og frå barnehage til skule.

Me søker deg som brenn for barnehagefaget og det å skape eit trygt og godt oppvekstmiljø.

I stillinga vil du:

  • Inngå som ein del av det pedagogiske personale, og vere stadfortredar for pedagogisk leiar
  • Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentering og evaluering av det pedagogiske arbeidet i barnehagen
  • Gi omsorg for det enkelte barnet og barnegruppa
  • Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna
  • Halde deg fagleg oppdatert og dele fagleg kunnskap med dine kollegaer
  • Bidra til å skape eit godt læringsmiljø og ein inspirerande barnehagekvardag saman med dine kollegaer
  • Vere ein god rollemodell
  • Som barnehagelærar bidra med rettleiing av det øvre personalet
  • Bidra til eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
  • Ta initiativ til- og arbeide for eit godt samarbeid med føresette

Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar som:

  • Positive haldningar og godt humør
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Om du er fleksibel og løysingsorientert
  • Evne og ynskje om å tileigne seg ny kunnskap, og nytte dette aktivt i arbeidet med borna
  • Gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar
  • Om du er ryddig og punktleg
  • Det er krav om fullført utdanning som barnehagelærar
  • Me oppmodar menn om å søkje
  • Det er ei føremon med erfaring i frå arbeid i barnehage

Me kan tilby:

  • Eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø
  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Opplæring vil bli gitt

Den som vert tilsett må leggje fram gyldig politiattest (ikkje eldre enn 3 månader). Politiattest skal ikkje leggjast ved søknaden, men ved tilsetjing.

Lønnsvilkår:

  • lønn etter tariff
  • pensjonsordning med 2 % innbetaling til KLP
Lærdal kommune Kulturbilde