Barnehagelærar - Indre Hafslo oppvekstsenter Bilde

Barnehagelærar- Indre Hafslo oppvekstsenter

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Barnehagelærar - Indre Hafslo oppvekstsenter Luster kommune Luster Fulltid

Me søkjer ein dedikert barnehagelærar til den veksande barnehagen vår på Indre Hafslo. Me lyser ut 140 % fast stilling som barnehagelærar frå og med 1.august 2024. Som ein del av vårt engasjerte team vil du spela ei sentral rolle i omsorg, leik og utvikling for dei 30 barna våre og enda fleire til hausten. Oppvekstsenteret vårt er i positiv utvikling, og me byggjer for tida eit nytt tilbygg for å komma i møte den aukande etterspurnaden etter barnehageplassar. Dette skaper spennande moglegheiter for både tilsette og barn. Indre Hafslo barnehage er heimen til to avdelingar, "Perle" for dei minste og "Bruse" for dei eldste.

Oppvekstsenteret ligg idyllisk til i hjartet av bygda, godt skjerma frå fylkesvegen med natur og skog som nærmaste nabo. Me er aktive brukarar av uteområdet vårt, inkludert nærliggjande skogområde som både skulen og barnehagen disponerer. Dette gir barna våre unike moglegheiter for utforskande leik og aktivitetar. Me verdset samarbeidet med skulen og som eit aktivt oppvekstsenter har me gode føresetnader for å skapa eit trygt og stimulerande miljø for barn og elevar.

Høyrest dette spennande ut? Synest du det er gjevande å arbeide med barn i deira viktigaste utviklingsfase? Er du ein person som deler entusiasmen vår for å skapa eit trygt og inspirerande miljø for barna våre? Då er det nettopp deg me ynskjer som søkjar hjå oss!

Stillingsinformasjon

  • 140 % fast stilling som barnehagelærar
  • Oppstart: 1.august 2024

Arbeidsoppgåver

Som barnehagelærar ved Indre Hafslo barnehage vil du ha varierte og spennande oppgåver knytt til planlegge og organisering av kvardagen og aktivitetar for barnehagen, avdeling og aktivitetsgruppe, oppfølging av barn i dialog med føresette, omsorg, leik og læring for barna i barnehagen. Hovudoppgåvene dine vil inkludera, men er ikkje avgrensa til:

Sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø.

  • Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet.
  • Medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet.
  • Fagleg leiing og drift av ei avdeling i barnehagen.
  • Bidra til eit trygt og stimulerande læringsmiljø for barna.
  • Delta aktivt i samarbeid med kollegaer, foreldre og føresette.
  • Utføre daglege rutineoppgåver og gi omsorg til barna i samsvar med gjeldande retningslinjer.

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning, eventuelt anna utdanningsbakgrunn som er likeverdig med barnehagelærarutdanning, jf. uttale frå Utdanningsdirektoratet.
  • Relevant erfaring frå arbeid med barn og ungdom er ein fordel.
  • Gode kommunikasjonsevner for å kunna samhandla effektivt med barn, kollegaer og foreldre.
  • Evne til å samarbeida godt i team og arbeida sjølvstendig når nødvendig.
  • Menn vert oppmoda om å søkja.

Me legg vekt på

  • Me verdset medarbeidarar med gode kommunikasjon- og samarbdeissevner som evna til å arbeida sjølvstendig og som del av eit team.
  • Tidlegare erfaring frå barnehage og oppvekst.
  • Gode digitale evner.
  • Personlege eigenskapar.

Me kan tilby

  • Eit triveleg arbeidsmiljø i ein engasjert barnehage.
  • Høvet til å bidra til barns utvikling og trivsel.
  • Faglig utvikling og opplæring.
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Luster kommune Kulturbilde