Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Stad kommune | Stad | Fulltid |
Stad kommune har ledige stillingar som barnehagelærar i Leikvang barnehage. Det er ledig to vikariat og ei fast 100% stilling, snarast mogleg og i tidsrommet 15.08.2023 til 14.08.2024. Det er ulik varighet på dei to stillingane som er vikariat.
Leikvang barnehage ligg på Leikanger, Stadlandet. Det er gangavstand til skule, fotballbane og andre fritidsområder. Naturen har vi rett utanfor barnehagen, med kort veg til både fjell og fjøre. Barnehagen har 3 avdelingar, 1 småbarnsavdeling med barn frå 1-3 år og 2 storbarnsavdelingar med born frå 3-5 år. Det er omlag 55 born og 15 tilsette i barnehagen.
Målet vårt er å saman med foreldra gi barna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om barnehagen kan du ta kontakt med styrar Evy Henriette Hagen.