Barnehagelærar Bilde

Barnehagelærar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Lærdal kommune Lærdal Fulltid

På grunn av auka barnetal, samt satsing på tettare bemanning, søkjer me deg som brenn for pedagogisk arbeid i barnehagen. Me ønskjer oss fleire kollegaer som vil bidra til god kvalitet i Lærdalsøyri barnehage.

Lærdalsøyri barnehage er ein 7-avdelings barnehage, lokalisert i vakre omgjevnader sentralt på Lærdalsøyri. Barnehagen ligg i kort avstand til skule, bibliotek og idrettsanlegg, der me har fleire aktivitetar i veka. Det går om lag 100 born i barnehagen, og me er kring 30 tilsette.

Lærdalsøyri barnehage har fokus på FN sine bærekraftsmål og korleis me saman kan forme framtidas miljømedvitne Lærdøler. Lærdal kommune si satsing «Grøne Lærdal» er gjennomgåande i vårt pedagogiske arbeid. Me har særskilt fokus på ein god overgang frå liten til stor avdeling og frå barnehage til skule, og jobbar systematisk med rettleiing i personale.

Lærdalsøyri barnehage har ledig vikariat for barnehageåret 2024-2025, oppstart 15.august.

Det er ledig eit vikariat som barnehagelærar 100% frå barnehageåret 2024-2025

Det er ønskjeleg at den tilsette har fullført bachelorutdanning som barnehagelærar. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar vil me vurdere kandidatar med anna pedagog- eller sosialfagleg utdanning på høgskulenivå. Det vil vere ei føremon med erfaring i frå arbeid i barnehage.

I stillinga vil du:

  • Arbeide på avdeling med barn 1-6 år:
  • Inngå som ein del av det pedagogiske personale
  • Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentering og evaluering av det pedagogiske arbeidet i barnehagen
  • Gi omsorg for det enkelte barnet og barnegruppa
  • Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna
  • Halde deg fagleg oppdatert og dele fagleg kunnskap med dine kollegaer
  • Bidra til å skape eit godt læringsmiljø og ein inspirerande barnehagekvardag saman med dine kollegaer
  • Vere ein god rollemodell
  • Som barnehagelærar bidra med rettleiing av det øvre personalet
  • Bidra til eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
  • Ta initiativ til- og arbeide for eit godt samarbeid med føresette
  • Delta i utviklingsarbeid lokalt i barnehagen og regionen

Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar:

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar som:

  • Positive haldningar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Om du er fleksibel og løysingsorientert
  • Evne og ynskje om å tileigne seg ny kunnskap, og nytte dette aktivt i arbeidet med borna
  • Gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar
  • Om du er ryddig og punktleg
  • Me søkjer deg som er positiv og har godt humør
  • Søkjar må vere fylt 18 år
  • Me oppmodar menn om å søkje

Til stillinga som barnehagelærar er det krav om fullført utdanning som barnehagelærar. Dersom ikkje kvalifiserte søkjarar, kan kandidatar med relevant utdanning innan pedagogikk- eller sosialfag på høgskulenivå vil og bli vurdert.

Det er ei føremon med erfaring i frå arbeid i barnehage ved alle stillingane. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Me kan tilby:

  • Eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø
  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Opplæring vil bli gitt

Den som vert tilsett må leggje fram gyldig politiattest (ikkje eldre enn 3 månader). Politiattest skal ikkje leggjast ved søknaden, men ved tilsetjing.

Lønnsvilkår:

  • lønn etter tariff
  • pensjonsordning med 2 % innbetaling til KLP
Lærdal kommune Kulturbilde