Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Stad kommune | Stad | Fulltid |
Hogatunet bu- og behandlingssenter har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 01.03.2023
Avdelingsleiar er organisert under felles einingsleiar for Hogatunet og Seljetunet og har ei nøkkelrolle i leiarteamet ved Hogatunet, men er også ein del av det samla leiarteamet for institusjonstenesta i kommunen.
Hogatunet bu- og behandlingssenter har totalt 52 plassar der 42 plassar er avsett til langtidsopphald i institusjon og 10 plassar er korttidsopphald og avlastningsopphald.
Hogatunet har fem avdelingar der fire er for langtidsopphald og ei for korttidsopphald og avlastningsopphald. To avdelingar er spesielt tilpassa bebuarar med behov for skjerming i kvardagen. Hogatunet har hovudkjøkken som leverer mat til Hogatunet, Fossevegen bufellesskap, Bryggja bufellesskap og til heimebuande i indre del av Stad kommune. Dagaktivitetstilbod for heimebuande med diagnose demens er lokalisert til "gamledelen" av Hogatunet.
I leiarrolla på Hogatunet vil du få ansvarsfulle administrative og faglege oppgåver. Du vil få mogleik til personleg utvikling, samt vere med å påverke utviklinga i tenesta.
Vi er opptekne av å utvikle tenestene i tråd med nasjonale føringar for morgondagens eldreomsorg. Vi arbeider målretta med kompetanseutvikling og eit best mogleg arbeidsmiljø for våre tilsette og legg vinn på god livskvalitet for bebuarane.
Vi søkje deg som er innovativ og som likar å jobbe med kontinuerleg forbetringsarbeid. Du vi få bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.
Stad kommune er i ein større omstillingsprosess. Helse og omsorgstenestene har pågåande fleire prosjekt knytt til dette for å evaluere og justere tenestene der dette er formålstenleg. Hogatunet er eindel av denne omstillinga. Målet er å sjå om tenestene er organisert på ein bærekraftig og effektiv måte, som også tek høgde for økonomisk gevinst.
Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Vi ønskjer akkurat DEG med på laget!
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga. Vi ber om referansar av nyare dato.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!