Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Sogndal kommune | Sogndal | Fulltid |
Trudvang skule er ein 1-5 skule med 3 / 4 parallellar på kvart trinn og omlag 370 elevar fordelt på 16 klassar. Det er omlag 60 tilsette på skule og i SFO ved skulen. Skulen ligg sentralt i Sogndal sentrum. Trudvang skule har aukande elevtal, og det er politisk vedtak på å bygge ny og større skule. Det er og gjort vedtak på at den nye Trudvang skule skal vere ein 1-7 skule som skal kunne huse 700 elevar når den er ferdig. Leiinga ved skulen vil dei næraste åra ha fokus både på dagleg drift og etableringa av den nye skulen. Trudvang er ein føregangsskule når det gjeld å nytte miljørettleiarar i skulen, og har i dag ei brei samansett personalgruppe der mange kompetansar arbeider saman rundt elevane våre. SFO-drifta er sentrert rundt ein fellesbase med tilhøyrande aktivitetsrom.
Trudvang skule: Saman skapar me ein god stad å vera, ein god stad å læra
Stillingsinformasjon
Trudvang skule har frå 1. august 2022 ledig fast 100 prosent stilling som avdelingsleiar 1. - 3.trinn. Stillinga inngår i skulen sitt leiarteam som består av rektor, to avdelingsleiarar skule og ressurspersonar SFO. Skulen har i tillegg skulekonsulent og tilsette med rollar inn mot sosialfagleg arbeid, spesialundervisning, pedagogisk IKT og teamleiarar for trinna.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er ein del av skulen sitt leiarteam. Avdelingsleiar 1. – 3.trinn vil ha arbeidsoppgåver knytt både spesifikt mot desse trinna og ansvar knytt mot fellesoppgåver. Til stillinga ligg mellom anna følgjande arbeidsoppgåver :
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Me tilbyr
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.