Avdelingsleiar Miljøstasjon Bilde

Vil du vere med å utvikle SIMAS vidare som eit framtidsretta renovasjonsselskap?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Avdelingsleiar Miljøstasjon SIMAS IKS Sogndal Fulltid
SIMAS IKS Logo

SIMAS IKS

Festingdalsvegen 368, 6854 Kaupanger, Norge
6854 Kaupanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Dagny Alvik, direktør
913 90 943

Søknadsfrist

11. desember 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Avfallsbransjen har ei sentral rolle i det grøne skiftet, og eit samfunn som skal gå over til sirkulær økonomi. Vi ser etter deg som kan vere med å utvikle SIMAS vidare som eit framtidsretta renovasjonsselskap.

Me tilbyr

  • Ei sentral rolle i utviklinga av viktige tenester for samfunnet og innbyggjarane
  • Arbeid med spanande fagområde innan miljø- og ressursforvaltning
  • Konkurransedyktig løn, fleksitid og heimekontor etter avtale
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på verdiar og samhandling
  • Arbeidsstad i naturskjønne omgjevnadar, med kort avstand til flotte turar både sommar og vinter. Sogn er kjent for gode skular og eit rikt utdanningstilbod. Her vil du òg oppleve ein køfri kvardag.

Hovudoppgåver for stillinga

  • Ansvar for drifta på miljøstasjonane i eigarkommunane våre
  • Legge til rette for auka krav til utsortering av avfall til materialgjenvinning
  • Jobbe med auka ombruk på miljøstasjonane
  • Ansvar for planlegging, organisering og tilrettelegging av arbeidsoppgåver, og for opplæring og rettleiing av arbeidstakarar
  • Skal jobbe aktivt for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og sørgje for at den einskilde arbeidstakar får oppgåver som gjev moglegheit for personleg vekst og utvikling
  • Må ha evne til å drive gjennom endringsprosessar og kan ta vanskelege avgjerder
  • Sørgje for at drifta blir planlagt og gjennomført på ein optimal måte innanfor gjeldande standardar, budsjett og rammer. Dette omfattar alle forhold i tilknytning til drift.
  • Sit i leiargruppa og rapporterer til direktør

For stillinga søkjer me etter personar som

  • Ser moglegheiter og tek initiativ til forbetringar
  • Ser strukturert, systematisk og har ei planmessig tilnærming til arbeidet
  • Er tydeleg, målretta og kan ta avgjerder
  • Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
  • Villeg til å setje seg inn i og lære nye ting
  • Bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø

Desse kvalifikasjonane ser vi etter

  • Erfaring med å leie personale
  • Grunleggjande IT-kunnskap
  • Erfaring med Lean
  • Kjennskap til kommunal forvaltning og næringslivet i regionen