Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Sogndal kommune | Sogndal | Fulltid |
Kvåle skule er ein 6-10 skule med 3 parallellar på kvart trinn og omlag 375 elevar fordelt på 15 klassar. Det er ca 50 tilsette ved skulen. Skulebygga er ei blanding av nye og gamle bygg, med eit flott og variert uteareal. Skulen ligg sentralt i Sogndal. Av viktig arbeid ved skulen vil me nemne; arbeidet med fagfornyinga, klasseleiing, vurdering for læring, stort fokus på IKT og digitale læremiddel, internasjonalt samarbeid og fysisk aktivitet. Skulen er teambasert og i visjonen vår peikar me på verdien av trygge og aktive elevar som opplever meistringsglede.
Stillingsinformasjon
Det er ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 01.08.2022.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er ein del av skulen sitt leiarteam. Oppgåvene for avdelingsleiar vil vere fordelt frå 6.-10.trinn. Til stillinga ligg m.a følgjande arbeidsoppgåver :
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar som vert lagt vekt på ved tilsetjing er t.d. : ha evne til kommunikasjon, vere god på det relasjonelle, vere ein god motivator, ha evne til refleksjon, ha høg arbeidskapasitet og ha evne til å lytte og skape/leggje til rette for samhandling.
Me tilbyr:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.