Sogn og Fjordane Energi Hovedbilde

Automasjonsteknikar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sogn og Fjordane Energi Gloppen Fulltid
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jan Arve Heimsæter
48033905

Søknadsfrist

20. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

SFE Produksjon er ein av dei leiande fornybarprodusentane på Vestlandet, og er i ei positiv utvikling, og har fleire nye og spanande utbyggingsprosjekt som skal bidra til det grøne skiftet.
Vi har stort fokus på systemutvikling og digitalisering av vår kraftproduksjon, for slik å kunne hjelpe samfunnet med eit stadig aukande behov for fornybar energi. Våre styrings- og kontrollanlegg er ein viktig del av dette

Arbeidsoppgåver

  • Testing, feilsøking og vidareutvikling av anlegg for styring og overvaking av kraftverk.
  • Montasje og idriftsetjing av anlegg
  • Delta i drift, vedlikehald, og rehabilitering av kontrollanlegg i kraftverk.
  • Delta i planlegging og gjennomføring av prosjekt, både tverrfagleg og innan automasjonsfaget
  • Vere ein del av faggruppe automasjon i selskapet

Kvalifikasjonskrav

  • Teknisk utdanning innan elektro og automasjon.
  • Erfaring med PLS-programmering og styringsanlegg
  • Erfaring med datakommunikasjon og instrumentering
  • Fagbrev innan elektro/automasjon
  • God teknisk systemforståing

Om deg

  • Samarbeidsorientert, kommuniserer godt med andre og er den gode lagspelaren
  • Ein person som evnar å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Ansvarleg og oppteken av å utvikle deg innan faget
  • Kreativ og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • 100% stilling, Fleksibel arbeidstid, konkurransedyktige vilkår
  • Fagleg og personleg utvikling i eit konsern i sterk vekst
  • Eit godt og uformelt arbeidsmiljø prega av kompetanse, ansvarlegheit og nyskaping
  • Et stadig aukande mangfald med omsyn til alder, kjønn og kulturell bakgrunn
  • Meiningsfull jobb innanfor fornybarnæringa
  • Gode offentlege tenester og ei mengde lokale tilbod innan kultur, sport og fritidsaktivitetar.
  • Gode transport forbindelsar med bil, buss og den lokale flyplassen.
  • www.nordfjord.no www.nordfjordaktiv.no
Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde